Tremolitt er eit kvitt til grått mineral som tilhøyrer amfibolgruppa. Det er eit kalsium-magnesiumsilikat Ca2Mg5Si8O22(OH)2, og dannar ein blandkrystallserie med den jernrike aktinolitt. Det finst som stråleforma aggregat og i fibrig form (asbest). Det finst i lågmetarmorfe bergartar som dolomittmarmor (til dømes i Nordland) og talkskifer.
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
| Tremolitt |
 Tremolitt frå typelokaliteten i Sveits |
|
| Generelt |
|---|
| Kategori | Amfibol |
|---|
| Kjemisk formel | Ca2Mg5Si8O22(OH)2 |
|---|
| Strunz-klassifisering | 9.DE.10 |
|---|
| Krystallsymmetri | Monoklin 2/m prismatisk |
|---|
| Einingscelle | a = 9.84 Å, b = 18.02 Å, c = 5.27 Å; β = 104.95°; Z = 2 |
|---|
| Identifikasjon |
|---|
| Farge | Kvit, grå, lavendel til rosa, lysegrøn, lysegul |
|---|
| Krystallform | langstrekte prismatisk, eller flattrykte krystallar; òg som trådaktig, korna eller skiveforma samlingar |
|---|
| Krystallsystem | Monoklin |
|---|
| Tvilling | Enkel eller multiple, er vanleg parallell til {100}; rarely parallell til {001} |
|---|
| Kløyv | perfekt på {110} ved 56° og 124°; delingar på {010} og {100} |
|---|
| Fastleik | Sprø |
|---|
| Mohs hardleiksskala | 5 – 6 |
|---|
| Glans | glasaktig and silkeaktig |
|---|
| Strekfarge | Kvit |
|---|
| Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
|---|
| Spesifikk vekt | 2.99 – 3.03 |
|---|
| Optiske eigenskapar |
|---|
| Optiske eigenskapar | Toaksa (-) |
|---|
| Brytingsindeks | nα = 1.599 - 1.612 nβ = 1.613 - 1.626 nγ = 1.625 - 1.637 |
|---|
| Dobbeltbryting | δ = 0.026 |
|---|
| 2V-vinkel | Målt: 86° til 88° |
|---|
| Ultrafiolett fluorescens | Kort UV=gul, lang UV=rosa |
|---|
| Kjelder | [1][2][3] |
Lukk
Tremolitt vart først skildra i 1789 etter ein førekomst i Campolungo i Piumognadalen i Leventina i Ticino i Sveits.[1]