Trial by Fire av Journey

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Trial by Fire er det tiande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey. Albumet kom ut 22. oktober 1996 og markerte ei sameining av den klassiske besetninga frå 1980-åra, som ikkje hadde spelt inn ei plate i lag sidan Frontiers i 1983. Trial by Fire vart produsert av Kevin Shirley, som seinare har produsert dei fleste albuma deira. Det var det første albumet med bassisten Ross Valory sidan Frontiers og det siste med vokalisten Steve Perry og trommeslagaren Steve Smith.

Meir informasjon Journey-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Trial by Fire inneheld topp 20-hitten og den Grammy-nominerte singelen «When You Love a Woman», som nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og gjekk heilt til topps på Adult Contemporary-lista.[2] «Message of Love», «Can't Tame the Lion» og «If He Should Break Your Heart» vart òg gjevne ut på singlar.

Albumet reflekterte ei aukande modenheit hos medlemmene av Journey og kunne laust reknast som eit konseptalbum med mange spor som gjenspeglar ein meir openlys spiritualitet i tekstane. Tittelsporet er for eksempel henta direkte frå Paulus 2. korintarbrev.[3]

Trial by Fire er det einaste Journey-albumet som ikkje vart etterfølgd av ein turné. Dette kom delvis over krangling over ein planlagd turné (meint for sommaren og hausten 1997) og ein hofteskade for Perry som måtte opererast. Perry slutta i bandet då han kjende seg pressa ut. Trommeslagaren Steve Smith slutta òg, sidan han meinte at bandet utan Perry ikkje interesserte han. Han kom attende til gruppa i 2015, men fekk sparken i 2020.

Den 9. november 1996 gjekk albumet inn på tredjeplassen på Billboard 200[4] og selde omsider til platinaplate i USA.[5]

Remove ads

Bakgrunn

Trial by Fire var det første studioalbumet til Journey på ti år, etter Raised on Radio i 1986. Bandet var oppløyst i mellomtida. Neal Schon og Jonathan Cain hadde skipa supergruppa Bad English og gjeve ut album i 1989 og 1991, medan songaren Steve Perry gav ut det andre soloalbumet sitt, For the Love of Strange Medicine (1994). Medan han var på ein soloturné i 1994, var det klart for Perry at han sakna å vere songaren i Journey meir enn han trudde han kom til å gjere.[6] Då A&R-sjefen John Kalodner i Columbia Records føreslo at bandet skulle kome saman att, byrja Cain, Perry og Schon å skrive musikk i lag. I følgje Perry ønskte dei «å sjå om me framleis hadde gnisten til å skrive igjen» i staden for å berre kome saman att for ein turné.[6] «Eg vart invitert - før invitasjonen vart rakst trekt attende» sa Gregg Rolie, som hadde slutta i 1980.[7]

Perry sa at bandet ikkje prøvde å finne opp seg sjølv på ny på albumet. «Ingenting høyrest meir pretensiøst ut enn nokon som prøver å vere noko dei ikkje er. Noko me alltid har visst er at det er visse musikalske retningar som passar kjemien vår. Me kjem til å søkkje eller symje med å vere det me er og ikkje prøve å fornye oss sjølv og prøve å bli månadens smak.»[6]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Journey

Andre medverkande

  • Paulinho da Costa – perkusjon
  • Scott Pinkerton – programmering
  • David Campbell – strykararrangement

Production

  • Kevin Shirley – produsent, lydteknikar, miksing
  • George Massenburg – lydteknikar, miksing
  • John Hurlbut, Bob Levy – lydteknikar
  • George Marino – mastering
  • John Kalodner – A&R

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...
Remove ads

Salstrofé

Land Organisasjon År Salstal
USA RIAA 1996 Platina (+ 1 000 000)[5]
Canada CRIA 1996 Gull (+ 50 000)[17]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads