Triangelet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Triangelet
Remove ads

Triangelet (frå latin Triangulum) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Triangelet var eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet. Kartografane Johann Bayer og John Flamsteed katalogiserte stjernene i stjernebiletet og gav seks av dei Bayernemning.

Thumb
Stjernebiletet Triangelet slik det er for det nakne auga.
Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...

Dei kvite stjernene Beta og Gamma Trianguli med tilsynelatande storleik på høvesvis 3,00 og 4,00, dannar grunnlinja i trekanten og den gulkvite Alfa Trianguli, med storleiksklasse 3,41, ligg i toppen. Iota Trianguli er ei kjend dobbeltstjerne, og ein kjenner til tre stjernesystem med planetar. Stjernebiletet har fleire galaksar, og den mest lyssterke og nærmaste av desse er Triangelgalaksen eller Messier 33 — eit medlem av Den lokale gruppa. Den første kvasaren som vart observart, 3C 48, ligg òg i Triangelet.


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads