Trouble av Elvis Presley

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Trouble» er ein bluessong skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, opphavleg framført av Elvis Presley i 1958 og spelt av fleire andre artistar seinare, mellom andre Amanda Lear.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Elvis Presley framførte songen i 1958 i filmen King Creole, og gav ut songen på albumet med same namn. «Trouble», med Scotty Moore på gitar, var ein av berre tre songar i filmen som var skriven av Leiber og Stoller. Framsyninga til Presley i filmen etterliknar Muddy Waters og Bo Diddley. Musikkritikaren Maury Dean føreslo at «Trouble», med Presley sin «snerrande vokal», er ein av dei første proto-punk-songane.[1]

Ti år seinare opna Presley comeback-fjernsynsprogrammet i 1968 med denne songen. Med ei mørkt, stemningsskapande lyssetjing, synte sekvensen til den varierte fortida til Presley og det «farglege» imaget der songaren vart framstilt som «sexy, mutt og pirrande».[2][3] Songen glei så over i «Guitar Man». Presley framførte songen fleire gonger på turneane sine tidleg i 1970-åra. I 1975 spelte Presley inn «T-R-O-U-B-L-E» og gav han ut på singel, men dette er ein heilt annan song.

Songen vart nytta i musikalen Smokey Joe's Cafe.

Remove ads

Amanda Lear-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songaren og modellen Amanda Lear spelte inn ein franskspråkleg versjon av «Trouble», kalla «La Bagarre», med ny tekst skriven av Vline Buggy. Denne versjonen vart gjeven ut som debutsingelen hennar i Frankrike og Belgia i 1975 av Polydor Records, med «Lethal Leading Lady» på B-sida, ein song som Lear var med å skrive. Singelen selde dårleg og i 1976 vart det gjeve ut ein engelskspråkleg versjon i Europa på Creole Records, men igjen selde han dårleg.

Lear framførte songen på Musikladen i 1976 i Vest-Tyskland, kledd i svart lêr i same stil som Elvis i 1950-åra.[4] Framføringa fekk Ariola Records til å gje ut «La Bagarre» på ny og signerte ho for ein platekontrakt på seks plater. Singelen vart òg marknadsført på det tyske TV-showet 3 nach 9, der Lear måtte motbevise at ho var transseksuell.[5]

«La Bagarre» om ut på debutalbumet til Lear i 1977, I Am a Photograph. Songen vart sidan fjerna på seinare utgåver til fordel for «Queen of Chinatown».

Lear spelte den engelskspråklege versjonen av songen i 2014 for albumet sitt med Elvis Presley-ongar, My Happiness.

Innhald

A. «La Bagarre» – 3:40
B. «Lethal Leading Lady» – 2:50
A. «Trouble» – 3:40
B. «Lethal Leading Lady» – 2:50
Remove ads

Andre versjonar

  • Jackie DeShannon spelte inn «Trouble» i 1959 med B-sida «Lies».
  • Suzi Quatro spelte inn «Trouble» i 1974 for det andre albumet sitt, Quatro.
  • Gillan nådde 14. plassen på den britiske singellista med sin versjon i oktober 1980.[10]
  • Glenn Danzig spelte inn fleire versjonar, mellom anna med Danzig i 1993 på EP-en Thrall: Demonsweatlive.
  • Robbie Williams spelte songen i 2002 på DVD-konserten The Robbie Williams Show.
  • Carrie Underwood spelte songen i fjerde sesongen av American Idol.
  • Britney Spears opna MTV Video Music Awards i 2007 med dei første linjene av «Trouble», før ho glei over i singelen sin «Gimme More».
  • Greg Dulli og Kerry Brown dansa til songen i filmen P.S. I Love You.
  • My Ruin spelte inn songen i 2013 på albumet The Sacred Mood.
  • Alan Cumming spelte inn songen i 2015 for filmen Strange Magic.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads