Trygve Bornø

norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Trygve Bornø (2. februar 194215. november 2024) var ein norsk militær offiser og fotballspelar frå Harstad. Frå landslagdebuten i 1966 til 1972 spelte han 43 landskampar på den norske midtbanen, utan å skåre eit einaste mål.

Kjappe fakta

Bornø spelte for Harstad Idrettslag til 1963. I 1962 var han sentral då laget vart nordnorsk cupmeister etter finalesiger 2-1 over Bodø/Glimt. Bornø spelte deretter 15 sesongar, 1964-78, for osloklubben Skeid. I 1966 var han ein av dei viktigaste spelarane då Skeid vann sitt einaste seriemeisterskap. Åtte år seinare vart han norsk meister med Skeid då laget slo favoritten Viking FK 3-1 i cupfinalen på Ullevaal stadion.

Bornø var frå 1983 til -85 generalsekretær i Norges Fotballforbund.

Remove ads

Merittar

  • Seriemeister: 1966 med IK Skeid
  • Noregsmeister: 1965 og 1974 med IK Skeid

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads