Tumbleweed Connection

album av Elton John From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tumbleweed Connection er det tredje albumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut i 1970 og var produsert av Gus Dudgeon. Det er eit konseptalbum basert på country/americana-tema. Alle songane er skrivne av Bernie Taupin og Elton John med unntak av «Love Song» av Lesley Duncan. Det vart spelt inn i Trident Studios i London i mars 1970 og kom ut i oktober 1970. Det nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia og femteplass i USA.

Meir informasjon Elton John-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I 2003 vart det rangert på 463. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene og i 2012 på 458. plassen på tilsvarande liste. Dee Murray og Nigel Olsson, som spelte på mange album med Elton John, er for første gong i lag på dette albumet som rytmeseksjonen på «Amoreena». Olsson hadde spelt på ein song på Empty Sky for John i 1969.

I 1975 vart songen «Amoreena» nytta i opningssekvensen av filmen Dog Day Afternoon.

Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet, men ein av songane spelt inn under innspelinga av albumet, «Into The Old Man's Shoes», vart gjeven ut som B-sida til ein av versjonane av singelen «Your Song». Ein tidleg versjon av «Madman Across the Water» var med Mick Ronson på elektrisk gitar og vart spelt inn under innspelinga av dette albumet, men vart spelt inn på nytt for albumet Madman Across the Water.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonusspor (2008 Deluxe Edition)

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Elton John – solovokal, piano (1, 3-6, 8, 9, 10), Hammondorgel (8), korvokal (10)
  • Madeline Bell – korvokal (1, 4, 5)
  • Paul Buckmasterarrangement, dirigent, orkestrering
  • Tony Burrows – korvokal (1, 5)
  • Brian Dee – Hammondorgel (10)
  • Ian Duck – munnspel (3, 4)
  • Lesley Duncan – korvokal (1, 4, 5, 7), akustisk gitar (7)
  • Mike Egan – akustisk gitar (10)
  • Herbie Flowers – bassgitar (2, 3, 10)
  • Kay Garner – korvokal (1, 4, 5)
  • Dave Glover – bassgitar (1, 4, 5, 6)
  • Tony Hazzard – korvokal (1, 5)
  • Gordon Huntley – steelgitar (3)
  • Tammi Hunt – korvokal (4)
  • Karl Jenkins – obo (2)
  • Robin Jones – conga (10), tamburin (10)
  • Skaila Kanga – harpe (2)
  • Chris Laurence – akustisk bass (2, 10)
  • Barry Morgan – trommer (2, 3, 10)
  • Dee Murray – korvokal (3, 6), bassgitar (8)
  • Nigel Olsson – korvokal (3, 6), trommer (8)
  • Roger Pope – trommer (1, 4, 5), perkusjon (1)
  • Caleb Quayesologitar (1, 4, 8), akustisk gitar (1, 3, 5), elektrisk gitar (5)
  • Dusty Springfield – korvokal (1, 5)
  • Les Thatcher – akustisk gitar (2, 10), 12-strengsakustisk gitar (3)
  • Johnny Van Derek – fiolin (3)
  • Heather Wheatman – korvokal (4)
  • Yvonne Wheatman – korvokal (4)

Produksjon

  • Gus Dudgeonplateprodusent
  • Robin Geoffrey Cable – lydteknikar
  • Gus Skinas – redigering
  • Ricky Graham – digital overføring
  • Greg Penny – kringlydmiks
  • Bernie Taupin – tekstforfattar
  • David Larkham – kunstnarisk leiar, design, fotografi
  • Barry Wentzell – fotografi
  • Ian Digby-Ovens – fotografi
  • John Tobler – notat i plateomslaget
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1971), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads