Unplugged av Eric Clapton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Unplugged er eit konsertalbum av Eric Clapton frå 1992.[4] Det vart spelt inn i England for MTV Unplugged-serien og inneheld både hitsingelen «Tears in Heaven» og ein kraftig omarbeidd akustisk versjon av «Layla». Clapton fekk seks Grammyprisar for albumet, mellom anna årets plate, årets album, årets song, beste mannlege popvokal, beste mannlege rockevokal og beste rockesong.[5] «Tears in Heaven» gav han tre av desse prisane.[5] Albumet nådde toppen av Billboard 200, og har seld til diamantalbum der for over 10 millionar selde eksemplar i USA aleine.[6] I 2000 kåra Q Unplugged på 71. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.
Clapton framførte songane føre eit lite publikum den 16. januar 1992 i Bray Film Studios i Windsor i England. I tillegg til songane som kom med på albumet, spelte han tidlege versjonar av «My Father's Eyes» og «Circus Left Town» i lag med «Worried Life Blues».[7] Clapton spelte ein Martin 000-42 akustisk gitar det meste av konserten og i 2004 vart denne gitaren seld for 791 500 US-dollar (ca. 4,4 millionar kroner) på ein auksjon.[4][8]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
|
|
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads