Ustaoset

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ustaosetmap
Remove ads

60°29′35″N 08°03′01″E

Kjappe fakta Land ...
Ustaoset
Thumb
Utsikt mot Ustaoset frå vest.

Ustaoset ligg på 990 meter over havet i Hol kommune i Buskerud fylke. Ustaoset er ein stasjon på Bergensbanen.[1] Her ligg òg ein hytteby med rundt 900 hytter, overnattingsverksemd, butikk, bensinstasjon og kafe.

Ustaoset ligg ved nasjonalparkane Hallingskarvet og Hardangervidda, og er utgangspunkt for mange merka stiar for fotturar[2], og langrennsløyper for skitufart i området.[3]

Thumb
Ustaoset ligg nær Hallingskarvet nasjonalpark.

Skarverennet er eit årleg skirenn på 37 kilometer, som startar på Finse, går langs Hallingskarvet og endar på Ustaoset.

Namnet Ustaoset kjem av at staden er osen der elva Usteåne renn ut frå Ustevatn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads