Ustemd velar frikativ
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ustemd velar frikativ er ein konsonantlyd som finst i ei rekkje språk. Han er kjenneteikna av ustemd uttale, med tungeryggen pressa mot ganeseglet (velar) og gjennom friksjon av utstrøymande luft (frikativ). IPA-koden for lyden er «x» (ein liten latinsk x). På norsk blir lyden transkribert som kh om han finst i ikkje-latinske alfabet (t.d. gresk «χ», kyrillisk «х», arabisk «خ»).
IPA-teikn | x |
IPA-nummer | 140 |
Entitet (desimal) | x |
Unicode (hex) | U+0078 |
X-SAMPA |
|
Kirschenbaum | x |
Ustemde velare frikativar finst ikkje på norsk. Døme på lyden i andre språk er:
På nokre språk utgjer ustemd velar frikativ og ustemd uvular frikativ to allofonar innanfor same fonem, avhengig av m.a. målføre og/eller posisjonen til lyden i høve til andre lydar i same ord.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ustemt velar frikativ» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads