VROOOM VROOOM
konsertalbum av King Crimson From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vrooom Vrooom er eit dobbelt konsertalbum av bandet King Crimson, som kom ut i 2001.
Sjølv om bandet var aktivt på denne tida med ei noko anna besetning, bestod Vrooom Vrooom av innspelingar frå den tidlegare seksmannsbesetninga av bandet. Dette var fordi albumet var meint å spreie to tidlegare utgjevingar som hadde vore vanskeleg å få tak i i 1999.
Disk 1 av Vrooom Vrooom er hovudsakleg henta frå same innspelingar som konsertalbumet Live in Mexico City som kom ut i 1999, og opphavleg berre tilgjengeleg som nedlasting frå Windows Media Audio. Det ellevte sporet på plata, «Biker Babes of the Rio Grande», er ein alternativ versjon av sporet «Fearless and Highly Thrakked» frå Thrakattak (1996) (spor 2) og King Crimson on Broadway, ei dobbelplate frå 1999. Disk 2 består hovudsakleg av dei same innspelingane som konsertalbumet King Crimson on Broadway i 1999, opphavleg berre tilgjengeleg for medlemmar av King Crimson Collectors' Club.
Dette albumet inneheld det nyaste konsertopptaket av «21st Century Schizoid Man», som ikkje har vorte spelt på konsertar sidan 1996.
Remove ads
Innhald
Disk ein
- Spor 1-10 og 12 spelt inn i Metropolitan Theater i Mexico City i Mexico, 2.-4. august 1996
- Spor 11 spelt inn i Longacre Theater, New York i USA, 20. november 1995
Disk to
- Spor 1-13 spelt inn i Longacre Theater i New York i USA, 20.-22./24.-25. november 1995
- Spor 14 spelt inn i the Wiltern Theater i Los Angeles i USA, 30. juni 1995
Remove ads
Medverkande
- Robert Fripp - gitar
- Adrian Belew - gitar, vokal
- Tony Levin - bassgitar, elektrisk kontrabass, Chapman stick
- Trey Gunn - warr gitar
- Bill Bruford - trommer, perkusjon
- Pat Mastelotto - trommer, perkusjon
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads