Verdscupen i alpine greiner 1992/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i alpine greiner for menn i 1992-sesongen tok til 23. november 1991 i Park City i delstaten Utah i USA og vart avslutta 22. mars 1992 i Crans-Montana i Sveits. Turneringa omfatta 31 renn og 34 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 9 slalåmrenn, 7 storslalåmrenn, 6 super-g-renn, 9 utforrenn og tre kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.
Poengsystemet var mykje endra til denne sesongen. Til 1991-sesongen fekk dei 15 beste utøvarane poeng basert på plasseringane i renna, frå 25 poeng for fyrsteplass til 1 poeng for 15. plass. Frå 1992-sesongen fekk bestemann 100 poeng for rennsiger, nummer 30 eitt poeng.
Allsidige Paul Accola frå Sveits vann verdscupen med god margin til italienaren Alberto Tomba, andremann i turneringa. Marc Girardelli, sigerherren både sesongen i førevegen og sesongen etter, enda på tredjeplassen.
Remove ads
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Kombinasjon
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Alpiner Skiweltcup 1991/92» frå Wikipedia på tysk, den 9. februar 2020.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads