Franz Heinzer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Franz Heinzer
Remove ads

Franz Heinzer (fødd 11. april 1962) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Schwyz som deltok i verdscupen i alpint i tida 1981-94. Han vart verdsmeister i utfor i 1991, same sesongen vann han utforcupen og super-G-cupen av verdscupen i alpint. Utforcupen vann han også i 1992 og 1993. Totalt gjekk han til topps i 17 verdscuprenn, 15 i utfor og to i den alpine kombinasjonen. Han vann fire sveitsiske meisterskap i utfor, og eitt i super-G.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Heinzer debuterte i verdscupen i alpint i januar 1981, og vart nummer åtte i utforrennet i Kitzbühel i Austerrike. Knappe to månader seinare kleiv han opp på pallen, då han vart nummer tre i utfor i Aspen i USA. Under VM 1982 i Schladming deltok han i utfor og kom på fjerdeplass.

Straks før jul i 1982 tok Heinzer sin fyrste verdscupsiger, i Val-d'Isère vann han den alpine kombinasjonen framom landsmennene Peter Müller og Peter Lüscher. Nokså nøyaktig eitt år seinare var Heinzer tilbake i Val d'Isere, og på ei helg vann han både utforrennet og den alpine kombinasjonen. I utfor var han ein hundredel framom Todd Brooker frå USA og fem hundredelar framom Harti Weirather frå Austerrike, medan han sigra klart over landsmannen Pirmin Zurbriggen i kombinasjonen.

Heinzer fekk nye fjerdeplassar i VM-utfor både i 1985 og 1987. Både i 1987-sesongen og OL-sesongen 1988 kom han på tredjeplass i utforcupen av verdscupen i alpint. Under OL 1988 mislukkast han og noterte ein 15. plass som best. Sesongane 1989 og 1990 heldt han eit lågare nivå.

Frå 1991 var Heinzer sterkt tilbake, og var verdas beste utforrennar i tre år på rad, i 1991 vann han jamvel super-G-cupen av den alpine verdscupen. Hans største meisterskapstriumf kom under VM 1991 i Saalbach-Hinterglemm, då han vann utforrennet.

Under vinter-OL 1994Lillehammer deltok Heinzer i utfor. Han hekta skia i startporten og var ute av rennet. Ein månad seinare la han opp.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

  • 1982: Nr 4 i utfor under VM i alpint i Schladming
  • 1985: Nr 4 i utfor under VM i alpint i Bormio
  • 1987: Nr 4 i utfor under VM i alpint i Crans-Montana
  • 1988: Nr 15 i super-G under vinter-OL i Calgary
  • 1989: Nr 11 i super-G under VM i alpint i Vail
  • 1991: Gullmedalje i utfor under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm
  • 1992: Nr 6 i utfor under vinter-OL i Albertville
  • 1993: Nr 10 i utfor under VM i alpint i Morioka

Verdscupsigrar

Meir informasjon Dato, Stad ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads