Paul Accola
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul Accola (fødd 20. februar 1967) frå Davos er ein sveitsisk, tidlegare skirennar som i 1992 vann verdscupen i alpine greiner. I den sesongen vann han både super-G-cupen og kombinasjonscupen og vart nummer to i slalåmcupen. Gjennom si tid som aktiv vann han fire meisterskapsmedaljar i kombinasjonsøvinga, ein sølv og tre bronser. Første medaljen fekk han under OL 1988, den siste i VM 2001. Han deltok i verdscupen i tida 1988-2005, der han vann sju enkeltrenn og stod på sigerspallen 26 gongar, siste gongen i 2000. Alle sigrane i verdscuprenn kom i 1991/92-sesongen.
Remove ads
- 1988: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen under vinter-OL i Calgary
- 1989: Sølvmedalje i den alpine kombinasjonen og nr 4 i slalåm under VM i alpint i Vail
- 1991: Nr 4 i kombinasjonen og nr 11 i slalåm under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm
- 1992: Nr 4 i storslalåm og nr 10 i super-G under vinter-OL i Albertville
- 1993: Nr 5 i slalåm under VM i alpint i Morioka
- 1994: Nr 6 i kombinasjonen og nr 14 i super-G under vinter-OL på Lillehammer
- 1996: Nr 11 i kombinasjonen og nr 13 i storslalåm under VM i alpint i Sierra Nevada
- 1997: Nr 5 i storslalåm og nr 6 i kombinasjonen under VM i alpint i Sestriere
- 1998: Nr 7 i storslalåm under vinter-OL i Nagano
- 1999: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen, nr 4 i storslalåm og nr 5 i super-G under VM i alpint i Vail
- 2001: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen og nr 8 i storslalåm under VM i alpint i St. Anton
- 2002: Nr 6 i kombinasjonen og nr 10 i super-G under vinter-OL i Salt Lake City
Remove ads
Accola la opp som alpinist i 2005.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Paul Accola» frå Wikipedia på tysk, den 18. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Paul Accola – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Offisiell nettside
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads