Verdscupen i langrenn 1987/Kvinner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for kvinner i 1987-sesongen omfatta 17 tevlingar, av dei 11 individuelle renn og 6 stafettar. Tevlingane tok til 10. desember 1986 og vart avslutta 21. mars 1987. Dei elleve individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km, tre 20-kilometerar og ei tremil. Renna fann stad i Ramsau am Dachstein i Austerrike, Val di Sole (2) og Cogne (2) i Italia, Calgary (2) i Canada, Oberstdorf (4) i dåverande Vest-Tyskland, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige, Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen og Oslo (2) i Noreg.
Fjorårsvinnaren Marjo Matikainen frå Finland var klart best og vann FIS-pokalen med stor margin. Ho vann tre av dei individuelle renna, norske Brit Pettersen to renn. Marianne Dahlmo, Grete Ingeborg Nykkelmo, Anne Jahren og Anette Bøe, alle Noreg, samt Evi Kratzer frå Sveits og Marie-Helene Westin frå Sverige vann ei tevling kvar.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1986/87» frå Wikipedia på tysk, den 15. februar 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads