Vieren haldeplass
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vieren haldeplass ligg ved Langvasstølen i Ulvik herad i Vestland og er ein haldeplass på Bergensbanen. Han vart opna i 1948.[1] Området har ikkje fast busetnad, men det er ein del hytter der og området var tidlegare nytta til stølsdrift.
Berre lokaltog i Raundalen stoppar ved Vieren.
Vieren ligg mellom Upsete haldeplass og Ørneberget haldeplass, 344,80 km frå Oslo S.
Haldeplassen låg tidlegare ved banevaktarbustaden som ligg litt lenger vestover mot Langvassosen, og stoppestaden var då utstyrt med heisekran til å heise mjølkespann om bord i toget.[2]
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads