Walk On av Boston

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Walk On er det fjerde studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Boston, gjeve ut den 7. juni 1994 av MCA Records.[1] Det er det einaste albumet utan vokalisten Brad Delp, som kom inn att i albumet på den påfølgjande turneen for albumet.

Meir informasjon Boston-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Etter suksessen med albumet Third Stage i 1986, byrja bandet å planlegge ein oppfølgjar og byrja å skrive songar i 1988. Men på grunn av aukande krangling og usemjer mellom gitariste og leiaren i bandet, Tom Scholz og songaren Brad Delp, slutta Delp i 1989 for å bli med i eit band i lag med den tidlegare Boston-gitaristen Barry Goudreau, kalla RTZ. Kort tid etter vart Fran Cosmo henta inn og introdusert som den nye songaren i bandet. Delp kom attende til Boston for å hjelpe til med å skrive songar og song solovokal på den påfølgjande Walk On Tour, men song ikkje på sjølve albumet. Delp og Cosmo song begge på det neste Boston-albumet, Corporate America.

Etter det kom ut nådde Walk On sjuandeplassen på Billboard 200 og gav ein hit, «I Need Your Love». Albumet selde til platinaplate i USA den 8. september 1994.[4][5]

Dei siste åtte sidene av plateomslaget vart kalla «Walk On — Against Violence and Cruelty», og omhandla å forhindre vald i heimen og dyremishandling med kontaktinformasjon til mange organisasjonar, som National Coalition Against Domestic Violence og Humane Society.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • spor 4, 5, 6 og 7 er alle del av ein lang song («Walk On Medley»), men hadde forskjellige spor på CD-plata.
  • «Walkin' at Night» og «Get Organ-ized» er instrumentalar.
  • «Magdalene» vart opphavleg skriven av Pennsylvania-bandet Hybrid Ice.
Remove ads

Medverkande

  • Tom Scholz – gitar, bass, trommer, piano, orgel, klaverinstrument, clavinet, klapping, produsent, lydteknikar, arrangør, «moral støtte og snop»
  • Fran Cosmo – solovokal
  • Gary Pihl – gitar, klapping, assisterande lydteknikar
  • David Sikes – bassgitar, korvokal, assisterande lydteknikar
  • Doug Huffman – trommer
  • Matt Belyea – klapping
  • Bob Cedro – rytmegitar, spesialeffektar, klapping
  • Tommy Funderburk – korvokal
  • Sean Olsen - klapping, rytmegitar, fløyte
  • Ted Jensen – mastering
  • Ron Larson – design, illustrasjonar
  • Andy Engel – konsept for plateomslaget

Salslister

Meir informasjon Liste (1994), Plassering ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads