Third Stage
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Third Stage er det tredje studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Boston, gjeve ut 23. september 1986 på MCA Records. Det vart spelt inn i studioet til musikaren Tom Scholz, Hideaway Studio, over ein seks år lang stressande periode «mellom flaumar og straumbrot».[3] Scholz og Brad Delp, vokalisten i gruppa, var dei einaste medlemmane som var att i gruppa frå originalbesetninga. Tekstane på albumet omhandlar tema som aldring og om å arbeide seg gjennom forskjellige stadium i livet sitt. Den første singelen frå albumet, «Amanda», vart ein stor hitt som gjekk til topps på singellista i USA og vart ein av dei mest kjende songane til gruppa.[1] Sjølve albumet selde til 4x platinaplate i USA.[4]
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Etter å ha vunne eit søksmål frå Epic Records, byta Scholz selskap til MCA.[5] Det første sporet på albumet, «Amanda», vart i røynda skriven i 1980 (då Boston byrja på albumet)[5] og vart den einaste singelen deira som nådde toppen av listene. Han låg to veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista i november 1986. Han vart følgd opp av ein ny hitsingel, We're Ready», som nådde niandeplassen. Singlane «Cool the Engines» og «Can'tcha Say (You Believe in Me)/Still in Love» vart òg mykje spelt på radio, og førstnemnde nådde fjerdeplassen på Billboard Mainstream Rock-lista, medan sistnemnde nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 i 1987. «Can'tcha Say» er den siste hitsingelen til Boston.
Etter berre tre veker på salslista klatra Third Stage til topps på Billboard 200, der det låg i fire veker.[6] Det var det første CD-formaterte albumet som selde til gullplate (500 000 eksemplar) i USA. Det selde òg til gullplate i LP-formatet. Totalt sett selde albumet til 4x platinaplate.
Albumet var det først Boston-albumet med elektroniske trommer, det første med songar som ikkje var skriven av verken Scholz eller Brad Delp, det første Boston-albumet utan originalmedlemmane Barry Goudreau, Sib Hashian og Fran Sheehan (sjølv om Hashian og Sheehan var med i det tidlege stadiet av innspelinga og Sheehan var oppført som låtskrivar). Trommeslagaren Jim Masdea speler trommer på det meste av albumet . Det var òg det første albumet til Boston, der dei brukte ein Rockman gitarprosessor, som Scholz fann opp. Det er ingen orkesterlydar eller synthesizer på albumet.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads