We Are One av Wild Youth
song frå 2023 med Wild Youth From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«We Are One» (norsk omsetjing ‘vi er ein/eit’) er ein popsong frå 2023 med det irske bandet Wild Youth. Songen var det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.
Remove ads
Om songen
Bandmedlemmane Conor O'Donohoe og Ed Porter skreiv «We Are One» i Sverige saman med den svenske Grammy-nominerte låtskrivaren Jörgen Elofsson.[1]
Teksta handlar om tema som livet, samhald og fridom. Frontfigur O'Donohoe seier låten er inspirert av Eurovision Song Contest, blant anna av korleis tevlinga sameiner menneske.[2]
Wild Youth sende «We Are One» til den irske uttakinga til Eurovision Song Contest og blei plukka ut til å delta i den irske finalen fredag 3. februar 2023. Der vant dei til slutt tevlinga og fekk representere Irland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Låten deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der blei han nummer 12 av 15 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[3][4]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads