We Are the Winners

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«We Are the Winners» (engelsk for Me er vinnarane) var det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2006, framført på engelsk og fransk av LT United. Songen er skriven av Andrius Mamontovas, Saulius Urbonavičius og Viktoras Diawara.

Kjappe fakta Eurovision Song Contest 2006, Resultat ...

Songen minner tematisk om «We Are the Champions» av Queen og i refrenget syng dei mellom anna «Me er vinnarane av Eurovision/Me, me er! [...] Så, du må røyste, røyste, røyste på vinnarane!».

Under verdsmeisterskapen i fotball i 2006 framførte gruppa songen med ny tekst. 13. juni 2006 framførte Robbie Williams songen under eit show i Belgia.[1]

Remove ads

Eurovision Song Contest 2006

«We Are the Winners» er éin av få songar i Eurovision Song Contest som har vorte bua på.[2]

Semifinalen

Sidan Litauen ikkje kvalifiserte seg til finalen i 2005 vart songen fyrst framført i semifinalen. Songen starta som nummer 18, etter Nederland med «Amambanda» av Treble og før Portugal med «Coisas de nada» av Nonstop. Litauen fekk til saman 163 poeng og enda på femteplass av totalt 23 bidrag. Bidraget gjekk dimed vidare til finalen.

Meir informasjon 12 poeng, 10 poeng ...

Finalen

Songen starta som nummer 14 i finalen, etter Bosnia-Hercegovina med «Lejla» av Hari Mata Hari og før Storbritannia med «Teenage Life» av Daz Sampson. Litauen fekk til saman 162 poeng og enda på sjetteplass av totalt 24 bidrag. Litauen vart dimed direktekvalifisert til finalen i 2007. Etter finalen song vinnargruppa Lordi refrenget til «We Are the Winners» då dei ankom pressekonferansen.[3]

Meir informasjon 12 poeng, 10 poeng ...
Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads