What a Fool Believes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«What a Fool Believes» er ein song skriven av Michael McDonald og Kenny Loggins. Den mest kjende versjonen vart spelt inn av The Doobie Brothers (med McDonald på solovokal) for albumet deira Minute by Minute i 178. Singelen gjekk til topps på Billboard Hot 100 den 14. april 1979 for ei veke.[6] Songen vann Grammyprisen i 1980 for både årets song og årets singel.
Songen var ein av få songar som ikkje var disco som gjekk til topps på Billboard Hot 100 dei første åtte månadane av 1979.
Det vart hevda at Michael Jackson bidrog til minst eit av lydspora på den originale Doobie Brothes-innspelinga, men vart ikkje oppført for dette.[7] Dette vart seinare avvist av bandet.[8]
Remove ads
Medverkande
- Patrick Simmons – gitar, vokal
- Jeff «Skunk» Baxter – gitar
- Michael McDonald – klaverinstrument, synthesizer, solovokal
- Tiran Porter – bassgitar, vokal
- Keith Knudsen, Ted Templeman[9] – trommer
Andre musikarar
- Bill Payne – synthesizer (med Michael McDonald)
- Bobby LaKind – conga, vokal
Salslister
Remove ads
Andre versjonar av Loggins og McDonald
Kenny Loggins gav ut ein versjon av songen (fem månadar før The Doobie Brothers) i 1978 på albumet sitt Nightwatch, og eit konsertopptak i 1980 på albumet Kenny Loggins Alive. Originalversjonen til Loggins er sungen frå synspunktet til ei kvinne og ikkje ein mann.
Ein duettversjon av Loggins/McDonald i lag finst på Loggins-albumet Outside: From the Redwoods i 1993.[21]
Warner Brothers gav òg ut ein 12" discoversjon av The Doobie Brothers i 1978 (med B-sida «Don't Stop to Watch the Wheels»), som nådde 40. plassen på Billboard's Disco Action Chart i april 1979. Denne var miksa av discoprodusenten Jim Burgess.[22]
Andre versjonar
Fleire andre artistar har spelt inn songen, mellom anna:
- 1980: Aretha Franklin på albumet Aretha
- 1991: Matt Bianco på 12" vinyl-EP.
- 1991: George Michael på Live in Birmingham, eit piratkopialbum frå 1991[23]
- 1997: The Wades på The Feel Good Factor[24]
- 2000: Self på Gizmodgery, ei plate spelt inn utelukkande med leikeinstrument
- 2014: The Doobie Brothers med Sara Evans på studioalbumet deira Southbound
Remove ads
I andre media
Songen er med i videospelet Grand Theft Auto V frå 2013[25] på radiostasjonen Los Santos Rock Radio, der programleiaren var medlåtskrivaren Kenny Loggins.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads