When I Paint My Masterpiece

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«When I Paint My Masterpiece» er ein song skriven av Bob Dylan som vart gjeven ut på Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II i 1971. Applausen på slutten av «Tomorrow is a Long Time» (som er songen rett før denne på albumet) lagar ein samanhengande overgang mellom dei to songane. Sjølv om det er applaus i byrjinga av songen, er det faktisk ei studioinnspeling.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

«When I Paint My Masterpiece» vart òg spelt inn av The Band, som gav ut sin versjon først på albumet deira Cahoots frå 1971. Dylan og the Band spelte songen saman på nyårsaftan seinare det året, opptaket vart gjeve ut som eit bonusspor på konsertalbumet Rock of Ages frå 1972.

«When I Paint My Masterpiece» vart òg spelt av Grateful Dead seint på 1980-talet og tidleg på 1990-talet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads