Rock of Ages

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Rock of Ages: The Band in Concert er det femte albumet til The Band frå 1972 på Capitol Records. Det er eit konsertalbum frå innspelingar ved Academy of Music i New York City 28. til 31. desember 1971 og nådde sjetteplassen på den amerikanske albumlista.

Meir informasjon The Band-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Robbie Robertson hadde bestilt arrangøren Allen Toussaint til å skrive blåsearrangement for den siste singelen deira, «Life Is A Carnival» frå albumet Cahoots, og ønskte no at han skulle skrive fleire arrangement for songane deira på dei komande konsertane.[8] Dei første notane forsvann i bagasjen på ein flyplass i New Orleans, og han måtte skrive nye i ei hytte nær huset til Robertson i Woodstock.[9] Robertson valde ut elleve songar som fekk blåsarar, og alle desse er med på albumet.[10] Blåsarane spelar ikkje på «Get Up Jake», «Stage Fright», «This Wheel's on Fire», «The Weight», «The Shape I'm In» og «The Genetic Method».

Repertoaret bestod av The Band sine originale songar, samt versjonar av «Baby Don't You Do It» av Marvin Gaye og «(I Don't Want to Hang Up) My Rock and Roll Shoes» av Chuck Willis. Det meste av innhaldet på plata er frå opptaka den 30. eller 31. desember.[11] Sidan Garth Hudson skyt inn «Auld Lang Syne» i soloen på «The Genetic Method», reknar ein med at denne songen og «Chest Fever» vart spelte ved midnatt den 31. desember. Bob Dylan gjorde eit overraskande besøk på konserten på nyårsaftan og spelte fire songar med bandet.[12]

Albumet kom ut i 1972 som eit dobbeltalbum, og vart gjeven ut i 1980 som to forskjellige LPar, kalla Rock of Ages, Vol. 1 og Rock of Ages, Vol. 2. Den første CD-utgåva bestod av nedkorta songar for at alt skulle få plass på ei plate. I 2001 kom ei utvida og nymastra utgåve med to CD-plater tu, samt ti bonusspor. Med på bonussplata var dei fire Dylan-songane og ein annan Motown-cover, «Loving You Is Sweeter Than Ever» av The Four Tops.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

Salslister

Singlar - Billboard (USA)

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads