When the Wind Blows

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

When the Wind Blows er ein animert film som kom ut i Storbritannia i 1986. Filmen er basert på den grafiske novella med same namn av Raymond Briggs. Filmen var regissert av Jimmy Murakami og hadde stemmer av John Mills og Peggy Ashcroft.

Kjappe fakta Regi, Produsent(ar) ...
Remove ads

Filmen var det andre samarbeidet til Briggs med TVC, etter at dei hadde laga The Snowman i lag i 1982. Han vart distribuert av Recorded Releasing i Storbritannia og Kings Road Entertainment i USA. Ein oppfølgjar av Briggs, Ethel and Ernest (1998), gjorde det klart at Briggs baserte hovudpersonane i When the Wind Blows på hans eigne foreldre.

When the Wind Blows er ei blanding av teikna animasjon og «stop-motion»-animasjon. Hovudrollene Jim og Hilda Bloggs er teikna, medan heimen deira og dei fleste lekamane er verkelege ting som sjeldan vert flytta, men som vert animert med «stop motion» når dei vert.

Filmmusikken inneheld musikk av Roger Waters og David Bowie (som song tittelsongen), Genesis, Squeeze og Paul Hardcastle.

Remove ads

Oppsummering

When the Wind Blows omhandlar eit atomåtak på Storbritannia frå Sovjetunionen sett frå det pensjonerte paret, Jim og Hilda Bloggs. Familien Blogg lever i landlege Sussex og er forvirra omkring omstendet og kor alvorleg situasjonen deira er. Denne forvirringa vert stundom nytta til å skape ein lett komedie, i tillegg til mørkare element. Etter kvart som filmen går framover vert ting stadig meir håplause då paret vert råka av effektane av strålingssjuke. Filmen sluttar særs dyster, medan paret bed i tilfluktsrommet sitt før dei døyr.

Heilt mot slutten av rulleteksten kan ein høyre ein morsekode som stavar «MAD».

Remove ads

Filmmusikk

Meir informasjon Roger Waters-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Innhald

Filmmusikkalbumet er delt i to, der Roger Waters og The Bleeding Heart Band framfører alle songane på side B av den opphavlege B-sida, medan resten av albumet er andre artistar. David Bowie skreiv tittelsporet og Genesis ein instrumental, «The Brazilian», som bere finst her.

På somme versjonar av albumet vert alle Roger Waters-songane sett i saman til eitt enkelt spor på 24 minuttar. Teksten til avslutningssongen «Folded Flags» inneheld ein referanse til songen «Hey Joe» og tekstlinjene «Hey Joe, where you goin' with that gun in your hand?», der Waters syng «Hey Joe, where you goin' with that dogma in your head?»[4]

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Roger Waters og framført av Wates og The Bleeding Heart Band

Medverkande

The Bleeding Heart Band

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads