Who Are You

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Who Are You er det åttande albumet av det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 18. august 1978 på Polydor Records i Storbritannia og MCA Records i USA. Det nådde andreplassen på den amerikanske salslista og sjetteplass i Storbritannia. Albumet er det siste med Keith Moon som trommeslagar. Moon døydde berre nokre veker etter albumet kom ut.

Meir informasjon The Who-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Historie

Who Are You kom ut på eit tidspunkt då dei to store leiarane innan rock, progressive rock og punkrock, kjempa mot kvarandre med sine motsette stilar. Pete Townshend skreiv songar som var eit forsøk på å bringe dei to stilane saman. Albumet syner nokre av dei mest komplisert strukturerte songane som Townshend nokon gong hadde laga med mange lag av synthesizerar og strykarar. Moon si dårlege helse kjem til syne i nokre av songane og den frenertiske spelinga han var kjend for manglar på mange av songane. Han gjev likevel ei mektig framføring på tittelsporet.

Det gjekk tre år mellom Who Are You og det førre albumet, The Who by Numbers. Bandet hadde drive bort frå kvarandre i denne perioden og bandmedlemmene hadde arbeidd på forskjellige soloprosjekt. Moon hadde vorte sterkt avhengig av alkohol og dop og var generelt utslitt etter den intensive turneringa bandet hadde gjort dei føregåande ti åra. Bandet var særleg uroa over helsa til Moon, sidan han berre klarte å delta nokre få veker av innspelinga og ikkje klarte å spele i 6/8-takt på «Music Must Change». Trommene vart derfor heilt fjerna frå sporet og berre nokre få cymbalslag vart nytta. Moon døydde mindre enn ein månad etter utgjeinvar. På omslaget kan ein sjå Moon sittjande i ein stol med skiltet «Not to be taken away» («Må ikkje fjernast»).

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart ein kommersiell suksess og selde til to gonger platina i USA og nådde andre plassen på albumlista her, bak filmmusikken til Grease. Forvetningane til den turneen som skulle følgje albumet var stor, men turneen vart utsett då Moon døydde kort tid etter albumet kom ut. Kenney Jones erstatta Moon på turneen i 1979. Med var òg John Bundrick på keyboard. Bundrick hadde vore invitert til å studioinnspelinga av albumet, men braut armen sin då han fall på veg ut av taxien ved studioet og kunne ikkje delta.

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne av Pete Townshend, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

The Who

Andre medverkande

  • Rod Argent – synthesizer på «Had Enough», piano på «Who Are You», klaverinstrument på «Guitar and Pen» og (ikkje oppført) «Love is Coming Down»
  • Ted Astley strykearrangement
  • Andy Fairweather-Low – korvokal på «New Song», «Had Enough», «Guitar and Pen», «Love Is Coming Down» og «Who Are You»
  • Billy Nicholls – korvokal på «New Song» og «Had Enough»
  • Michael Nicholls — korvokal på «Had Enough»
Remove ads

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads