Will Claye

From Wikipedia, the free encyclopedia

Will Claye
Remove ads

Will Claye (fødd 13. juni 1991) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Phoenix i Arizona. Han har tevla i lengdehopp og tresteghopp.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Claye vart tredjemann i tresteghopp og niandemann i lengde ved verdsmeisterskapen i 2011. I 2012 vann han trestegtevlinga ved hall-VM i Istanbul, medan han under Sommar-OL i London sikra seg bronsen i lengdehopp og deretter sølvmedaljen i tresteghopp. Sidan vart Claye i tresteghopp nummer tre i VM 2013 og nummer to både i OL 2016 og VM 2017. Alle tre gongane han sikra seg sølvmedalje i tresteg, var det landsmannen Christian Taylor som fór avgarde med gullmedaljen. Sjølv vann Claye i byrjinga av mars 2018 trestegtevlinga i hall-VM for andre gong, ei tevling som fann stad i Birmingham i Storbritannia.

Den 29. juni 2019 forbetra Claye i Long Beach den personlege rekorden i tresteghopp til 18,14 meter, einast Christian Taylor og verdsrekordhaldar Jonathan Edwards hadde då hoppa lengre. Same hausten vart Claye nummer 2 i tresteg-tevlinga ved verdsmeisterskapen i Doha, atter måtte han sjå seg slått av landsmannen Taylor.

Clayes personbeste i lengdehopp på 8,29 meter er frå 2011-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads