Wired av Jeff Beck

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Wired er eit soloalbum av den britiske gitaristen Jeff Beck, gjeve ut på Epic Records i 1976. Det er eit instrumentalt album og nådde 16. plassen på Billboard 200. Albumet har selt til platinaalbum i USA.

Meir informasjon Jeff Beck-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn og innhald

Etter suksessen med det førre albumet, Blow by Blow i 1975, tok Beck med to av dei viktigaste bidragsytarane frå det albumet for oppfølgjaren, klaverspelaren Max Middleton og produsenten George Martin. Beck hadde òg byrja eit musikalsk samarbeid med den tidlegare klaverspelaren i Mahavishnu Orchestra, Jan Hammer og trommeslagaren Narada Michael Walden. Beck turnerte med Jan Hammer Group etter desse innspelingane. Resultatet av samspelet mellom Beck og Hammer vart ein meir «syntetisk» lyd enn den som var på Blow by Blow. Dette synte òg albumtittelen til.

Sjølv om bandet frå det førre albumet spelar på somme spor, er fire originale songar av Walden og ein av Hammer. Middleton medverka med ei hyllest til Led Zeppelin, «Led Boots,» og Beck valde å tolke Charles Mingus-oden til saksofonisten Lester Young, «Goodbye Pork Pie Hat». Desse to har lenge blitt spelt på konsertane til Beck.

Den 27. mars 2001 kom ei nymastra CD-utgåve ut på Legacy Records.

Wired fekk stort sett positive meldingar då det kom ut. Albumet nådde 16. plassen på Billboard 200 i august 1976, og låg i alt 25 veker inne på lista.[5] I Storbritannia låg det fem veker på lista og nådde 35. plassen.[6]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads