Xining

From Wikipedia, the free encyclopedia

Xiningmap
Remove ads

Xining eller på tibetansk Silung eller Ziling er eit kinesisk byprefektur som er hovudstad i provinsen Qinghai i det vestlege Kina. Folkesetnaden innan grensene er estimert til 783 000, men heile prefekturet har 1,11 millionar innbyggjarar (2004).

Kjappe fakta Xining 西宁 (pinyin Xīníng) ཟི་ནིང་ (Silung eller Ziling), Tidlegare namn ...
Remove ads

Historie

Thumb
Dongguanmoskeen i Xining

Byen vart grunnlagt på 200-talet f.Kr., då Han-dynastiet etablerte ein garnison her. Opp gjennom hundreåra vart staden i periodar herska av kinesarane, tidvis av tributtstatar eller av folk som låg i konflikt med Kina.

Byen vert rekna som del av den tibetanske kulturregion og tidlegare provinsen Amdo.

Byen hadde i 1940-åra kring 50 000 innbyggjarar, men er sidan vakse til millionby.

Rundt 90 km utanfor Xining er ein arbeidsleir der ein under Kulturrevolusjonen heldt innesperra overhovudet for eit lamaistisk kloster og 200 bonser. Dei utførte tvangsarbeid i ein fabrikk for bildelar.

Remove ads

Xiningjordskjelvet 1927

Den 23. mai 1927 vart Xining råka av eit jordskjelv som målte 7,6 på Richterskalaen. Det omkom 41 000 menneske og landforskyvingane var store.

Administrative einingar

Byprefekturet Xining har jurisdiksjon over 4 distrikt (区 ), 2 fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Meir informasjon Kart, # ...

Samferdsel

Thumb
Monument utanfor jernbanestasjonen i Xining

Riksveg 109 går gjennom området. Han knyter Beijing saman med Lhasa i den autonome regionen Tibet. Han går vestover frå Beijing via Datong, Yinchuan, Lanzhou og Xining til Golmud før han vender sørvestover mot Lhasa.

Riksveg fører frå Xining til Jinghong i Yunnan.

Riksveg 227 fører frå Xining til Zhangye i provinsen Gansu.

Riksveg 315 byrjar i Xining og fører til Kashgar (Kashi) i Xinjiang.

Remove ads

Kjelder


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads