Young Blood av The Coasters

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Young Blood» er ein song skriven av Doc Pomus i lag med låtskrivarduoen Jerry Leiber og Mike Stoller. Songen vart ein hit for The Coasters i 1957.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

The Coasters-versjonen

«Young Blood» vart opphavleg spelt inn av The Coasters[1] og gjeven ut på singel med B-sida «Searchin'» i mars 1957 av Atco Records (#6087). Songen gjekk til topps på Billboard's R&B-lista og åttandeplassen på Billboard Hot 100.[2]

The Coasters-verjonen er rangert på 421. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene..[3]

Songen var med i musikalen Smokey Joe's Cafe.

Remove ads

The Beatles-versjonen

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

The Beatles spelte «Young Blood» på konsertane sine på Cavern Club. Det var ein av tolv songar dei spelte inn på eit lydband i juli 1962, som vart kjøpt attende av Paul McCartney på ein auksjon på Sotheby's i 1985.[4][5]

Ein versjon spelt inn for BBC den 11. juni 1963 kom ut på albumet Live at the BBC, som kom i 1994. George Harrison song solovokal på innspelinga.[6][7]

Medverkande

Frå The Beatles Bible[8]

Remove ads

Andre versjonar

Songen er blitt spelt av mange andre artistar

  • Ein konsertversjon av Leon RussellConcert for Bangla Desh i 1971, der han fekk med seg fleire kjende musikarar, som George Harrison, Eric Clapton og Ringo Starr.
  • I 1976 gav Bad Company ut ein verjon som nådde topp 20 på singellista i USA.
  • Ein versjon i 1983 av Beach Boys-gitaristen Carl Wilson var tittelsporet til Youngblood (det andre soloalbumet hans).
  • Bruce Willis song ein versjon av songen på albumet The Return of Bruno (1987).
  • The Grateful Dead spelte stundom songen på lydsjekkane sine.
  • «Young Blood» vart framført av Flash Cadillac and the Continental Kids (som «Johnny Fish and the Fins») i sesong to av Happy Days.
  • Songen var med på eit album av Jerry Lee Lewis frå 1995 med same namn.
  • The Band spelte songen for eit hyllestalbum til Doc Pomus i 1995, Till The Night Is Gone - A Tribute To Doc Pomus. Songen kom seinare ut på albumet deira High on the Hog.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads