Zhu Chen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zhu Chen
Remove ads

Zhu Chen[a] (fødd 16. mars 1976 i Wenzhou) er ein kinesisk-qatarsk stormeister (GM) i sjakk. Ho representerte opphavleg fødelandet Kina, men spelar no for Qatar,[1] der ho bur saman med ektemannen Mohamad Al-Modiahki. I 2001 blei ho den andre kinesiske verdsmeisteren for kvinner etter Xie Jun[2], og same år blei ho den tolvte kinesiske stormeisteren.

Kjappe fakta
Remove ads

Biografi

Zhu blei den fyrste kinesiske spelaren som vann ein internasjonal sjakkonkurranse, då ho vann verdsmeisterskapen for jenter under 12 i Romania i 1988. Seinare vann ho også juniorverdsmeisterskapen for jenter i 1994 og i 1996.

Som 25-åring slo Zhu Aleksandra Kostenjuk frå Russland i verdmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2001/2002 med 5–3, og blei den ellevte kvinnelege verdsmeisteren.

Zhu gav opp sjansen til å forsvare tittelen sin i mai 2004 på grunn av eit fullt tidsskjema og graviditet.[3]

I juni 2004 spelte Zhu to parti mot sjakkmaskina «Star of Unisplendour». Denne maskina bestod av ein avansert AMD 64 bit 3400+ CPU og 2 GB RAM som køyrde sjakkprogrammet Fritz 8. Ho tapte begge partia.[4][5]

Zhu er gift med den qatarske stormeisteren Mohamad Al-Modiahki, og sidan 2006 har ho representert Qatar.[6][7] Ho har studert for å ta ein mastergrad ved Tsinghuauniversitetet.[8]

Remove ads

Merknadar

  1. forenkla kinesisk 诸宸, tradisjonell kinesisk 諸宸, pinyin Zhū Chén, arabisk زو تشن

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads