Algonkinske språk er ei gruppe amerikanske urfolkspråk i Nord-Amerika som omfattar dei fleste språka i den algiske språkfamilien (berre to algiske språk er ikkje algonkinske, nemleg wiyot og yurok i det nordvestlege California). Algonkinske språk blir tala av algonkinske folk, frå atlanterhavskysten i aust til Rocky Mountains i vest. Dei algonkinske språka stammar frå det hypotetiske urspråketproto-algonkinsk, som må ha blitt tala for fleire tusen år sidan, truleg minst 3000 år.
På grunnlag av Campbell (1997: 152-154)[1] og Mithun (1999: 327-340)[2] kan dei algonkinske språka klassifiserast slik (symbolet † viser at språket er utdøytt):
Dei litt over 15 aust-algonkinske språka, pkt. 10 i lista over, er den einaste genetisk baserte greina av algonkinsk som algonkinistane (dei som granskar algonkinske språk) til no har greitt å etablere. Dette tyder at dei algonkinske språka som ikkje er aust-algonkinske (språk 1–9 i tabellen over), ikkje utgjer noka genetisk eining andsynes aust-algonkinsk. Det er likevel vanleg å dele språk 1–9 (dei «ikkje-aust-algonkinske språka») inn i geografiske undergrupper:
25. Etchemin (†) (uncertain - See Eastern Algonquian languages)
26. Shinnecock (†) (uncertain)
To genus
Substantivet i algonkinske språk har to genus, animatum og inanimatum. Til animatum høyrer typisk substantiv som viser til ånder, menneske, dyr, tre og nokre planter og til inanimatum høyrer typisk substantiv som viser til daude ting (ting utan liv), men også nokre planter. I cree er mellom anna desse substantiva animate:[3]
manitow 'Gud'
ahcāhk 'ånd'
iskwēw 'kvinne'
nāpēw 'mann'
atim 'hund'
sīsīp 'and'
sihta 'gran'
ayoskan 'bringebær'
– og desse inanimate:
wāwi 'egg'
maskisin 'mokkasin'
cīman 'båt'
wāskahikan 'hus'
maskēk 'myr'
sīpīy 'elv'
nīpīy 'vatn'
waciy 'fjell'
Genusa har òg ein viktig innverknad på verba, som er delte inn i fire typar, illustrerte med døme frå cree:
TA: Transitivanimat. Transitiveverb med animatobjekt. Døme: wāpam- 'sjå'.
TI: Transitivinanimat. Transitiveverb med inanimatobjekt. Døme: wāpaht- 'sjå'.
IA: Intransitivanimat. Intransitiveverb med animatsubjekt. Døme: wāpi- 'sjå'.
II: Intransitivinanimat. Intransitiveverb med inanimatsubjekt. Døme: timī- 'vere djup'.
Det kan hevdast at heile inndelinga handlar om skiljet mellom animatum og inanimatum. TA er verb med to animate ledd knytte til seg, TI har eitt animat og eitt inanimat ledd, IA har eitt animat ledd og II har eitt inanimat ledd. Desse setningane viser skilnaden i bruksmåte mellom dei tre cree-verba som tyder 'sjå':[4]
Jamfør til dømes den fyldige ordboka Nancy LeClaire and George Cardinal 1998. alperta ohci kehtehtayak nehiyaw otwestamâkewasinahikan. Alberta Elders' Cree Dictionary. Ed. by Earle Waugh. Edmonton: The University of Alberta Press.
Fenomenet er beskrive i mellom anna C. Douglas Ellis 2000, 2004. Ê-ililîmonâniwahk. Spoken Cree. West Coast of James Bay. Vol. 1, Level I; vol. 2, Level II. Edmonton: The University of Alberta Press.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.