From Wikipedia, the free encyclopedia
Beit Netofa-dalen (hebraisk בקעת בית נטופה) er ein dal i Nedre Galilea i Israel, halvvegs mellom Tiberias og Haifa. Han dekkjer 46 km2 og er den største dalen i Galilea og ein av dei største i det sørlege Levanten.[1] Namnet Beit Netofa-dalen finst først i Mishna og seinare i mellomaldersk rabbinarlitteratur, og har fått namn etter den jødiske busetnaden frå romartida, Beth Netofa, som låg i nordaustenden av dalen. Det arabiske namnet på dalen er Sahel al-Batuf og er omtalt som Vallée Battof i krossfarardokumenter.[2]
Beit Netofa-dalen | |||
dal | |||
Beit Netofa-dalen | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°48′34.44″N 35°19′56.86″E | ||
Lengd | 16 km | ||
Areal | 46 km² | ||
Beit Netofa-dalen 32.80956667°N 35.33246111°E | |||
Kart som viser Beit Netofa-dalen.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Netofa valley | |||
Dalen er 16 km lang og i snitt 3 km brei, og er ein graben forma av to parallelle forkastingar som går aust-vest.[3] Han ligg mellom to horstar som dannar Yodfatfjella i nord og Tur'anfjella i sør. Kalksteinsåsane i aust indikerer at dalen òg er forma av karstiske prosessar. Lang og smal og omringa av bratte åssider, består dalen av feit leire som vatnet har vanskar med å trenge gjennom,[4] og ein får derfor stundom flaum i dalen om vinteren, noko som alt vart skildra på 1300-talet av den arabiske mellomaldergeografen Al-Dimashqi.
Den 7. februar 1950 registrerte ein vêrstasjon i dalen den lågaste temperaturen som er målt i Israel nokon gong, -13,7°C.[5]
Den frodige dalen vert nytta til jordbruk og er stort sett eigd og oppdyrka av innbyggjarane frå forskjellige arabiske busetnader i området rundt, som Kafr Manda, Sakhnin, Arraba, Bi'ina, Eilabun, Uzeir og Rumana. Delar av dalen er òg eigd av innbyggjarar frå Yodfat, Tzippori og kibbutz HaSolelim. Andre landsbyar i regionen er Bu'eine Nujeidat, Hanaton, Bir al-Maksur og Dmeide.
Beit Netofa-kanalen er ein del av Nasjonal vasstransport, som går gjennom dalen. Den 17 km lange, opne kanalen, vart bygd med ein oval base på grunn av leirjorda. Breidda på kanalen er 19-20 meter og han er 2,60 meter djup. Sørvest i Beit Netofa-dalen munnar kanalen ut i dei to Eshkol-reservoara, der vatnet vert reinsa og testa før det flyt sørover mot Negev.[4]
Det er gjort fleire arkeolgiske funn i dalen. Dei tidlegaste er frå kalkolittisk tid og er funnen i vestsida nær Kafr Manda. Her fann ein mange flintreiskap, spydspissar og keramikk.[6]
To tellar ligg i dalbotnen. Den første er Tel Hanaton (Tell Bedeiwiyeh), som dekkjer kring 5 hektar og dominerer vestenden av dalen. Hanaton er identifisert som Hinnatuni i Amarnabreva, og i følgje Bibelen vart denne og området rundt styrt av Sebulonstammen.[1][7] Den andre tellen, Tell el-Wayiwat, er 0,4 hektar og stig 3,5 meter over dalbotnen i austenden.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.