From Wikipedia, the free encyclopedia
«Ferry Cross the Mersey» (stundom skrive Ferry 'Cross the Mersey) er ein song skriven av Gerry Marsden. Han vart først spelt inn av bandet hans Gerry and the Pacemakers og gjeven ut seint i 1964 i Storbritannia og i 1965 i USA. Det vart ein hit på begge sider av Atlanteren og nådde sjetteplassen i på singellista i USA[2] og åttandeplassen i Storbritannia.[3] Songen er frå filmen med same namn og kom ut på filmmusikkalbumet. I midten av 1990-åra vart òg ein musikal kalla Ferry Cross the Mersey som omhandlar Merseybeat-tida.
Ferry Cross the Mersey Singel av Gerry and the Pacemakers frå albumet Ferry Cross the Mersey | ||
B-side |
«You, You, You» (UK) | |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1964 | |
Innspelt | 27. mai 1964, EMI Studios, London[1] («You, You, You»: 28. september) | |
Sjanger | Merseybeat, pop | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | Columbia (UK) Laurie 3284 (USA) Capitol 72216 (Canada) | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Marsden | |
Produsent | George Martin | |
Gerry and the Pacemakers-kronologi | ||
«It's Gonna Be Alright» (1964) |
Ferry Cross the Mersey | «I'll Be There» (1965)
|
Ferry 'Cross the Mersey Singel av The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden og Stock Aitken Waterman | ||
B-side |
«Abide with Me» av Liverpool Metropolitan Cathedral Choir | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. mai 1989 | |
Sjanger | Beatmusikk | |
Lengd | 3:58 | |
Selskap | PWL | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Marsden | |
Produsent | Stock Aitken Waterman | |
Tittelen syner til River Mersey, elv nordvest i England som flyt ut i Irskesjøen ved Liverpool.
Liste (1965) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart[3] | 8 |
US Billboard Hot 100[2] | 6 |
I mai 1989 vart det spelt inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» og utgjeven til støtte for dei råka av Hillsborough-katastrofe, der 96 fotballfans mista livet månaden før. Songen vart spelt inn av Liverpoo-artistane The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden og Stock Aitken Waterman. Singelen låg tre veker på toppen av den britiske singellista[4] og den irske singellista i to veker.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.