Hellas i Eurovision Song Contest
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hellas debuterte i Eurovision Song Contest i 1974. Landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 1975, 1982, 1984, 1986, 1999 og 2000. I 2005 vann Élena Paparízou med songen «My Number One». 12. juli 2013 vart kringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi stengd på grunn av den økonomiske krisa i landet, og Hellas hadde ikkje høve til å delta utan ein kringkastar som var medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).[1] 4. mai 2014 vart Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi starta opp og Hellas fekk delteke i Eurovision Song Contest berre fire dagar seinare, trass i at kringkastaren ikkje var medlem i Den europeiske kringkastingsunionen. Ifylgje reglane må kringkastaren vere aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen, men Hellas slapp unna denne regelen etter at Ellinikí Radiofonía Tileórasi vart lagd ned, og vart dimed det fyrste og førebels einaste landet som har delteke i Eurovision Song Contest utan medlemskap. Special Broadcasting Service som debuterte for Australia i 2015 var assosiert medlem. I desember 2014 vart den nye kringkastaren medlem og landet fekk delteke i 2015.[2] 11. juni 2015 vart Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi nedlagt, og Ellinikí Radiofonía Tileórasi som vart attopna vil på nytt representere Hellas av di kringkastaren allereie er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[3] Sidan 2013 har den private musikkanalen MAD TV organisert og produsert dei nasjonale uttakingane.