franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Hérault (oksitansk: Erau) er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Montpellier (225 000 inb. i 1999) som òg er hovudstad i regionen.
Hérault | |
---|---|
Våpenskjoldet til Hérault | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 34 |
Region: | Languedoc-Roussillon |
Préfecture: | Montpellier |
Sous-préfectures: | Béziers Lodève |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 49 |
Kommunar: | 343 |
Président du conseil général: | André Vezinhet |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 22. |
-1999 | 896 441 |
Folketettleik: | 147/km² |
Landareal¹: | 6 101 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Medan Montpellier har vore ein viktig universitetsby sidan mellomalderen, så er hovudnæringsvegane i departementet landbruk og turisme. Vin for masseforbruk har vore det viktigaste produktet. Auka import frå Amerika og Australia og mindre vinforbruk i Frankrike har gjort at vinbøndene står overfor krav om omlegging til mindre vinmarker og høgare kvalitet, nok som har vore ein smertefull prosess.
Hérault er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.
Ved byrjinga av 1900-talet førte låge vinprisar i samband med sjukdom i vindruene førte til protestar frå tusentals mindre vinmakarar. Opprøret vart hardt slått ned på av regjeringa til Georges Clemenceau.
Den harde frosten vinteren 1956 øydela oliventrea, og oliveproduksjonen i området kom seg ikkje på fote igjen før i 1980-åra. Mykje av verksemda tilknytt olivenindustrien la ned.
Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Aude, Tarn, Aveyron, Gard, i tillegg til Middelhavet (Golfe du Lion) i sør.
Geografisk er departementet svært variert med strender i sør, Cevennane i nord, og med jordbruksland i mellom.
Viktige elvar:
Middeltemperaturen ligg mellom 15 og 16 °C.
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Héraultais.
Canal du Midi står på UNESCO si verdsarvliste.
Dei mest kjende turiststadene i Hérault er:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.