From Wikipedia, the free encyclopedia
«Chariots of Fire» er eit instrumentalt tema skriven og innspelt av Vangelis for filmen med same namn i 1981. Innspelinga har sidan blitt spelt av mange andre artistar og nytta som kjenningsmelodi for mange fjernsynsprogram og sportshendingar.
Chariots of Fire Singel av Vangelis frå albumet Chariots of Fire | ||
Land | Bosnia-Hercegovina, Storbritannia | |
Utgjeve | Mars 1981 | |
Sjanger | New-age | |
Lengd | 3:32 | |
Selskap | Polydor | |
Låtskrivar(ar) | Vangelis | |
---|---|---|
Produsent | Vangelis | |
På filmmusikkalbumet heiter stykket «Titles» fordi han vert nytta i opningsscenen av filmen, men har stort sett blitt kjend som «Chariots of Fire». I følgje Allmusic, vart stykket oppført som «Chariots of Fire - Titles» på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og berre «Chariots of Fire» på Adult Contemporary-lista.[1]
Ein CD-singel frå 1989 av songen vart òg berre kalla «Chariots of Fire».[2] Då singelen debuterte på 94. plass på Billboard Hot 100 veka som enda 12. desember 1981, vart han berre kalla «Titles». Sju veker seinare, då han klatra til 68. plass, var namnet endra til «Chariots of Fire» og hadde dette namnet resten av tida han låg på lista.
Vangelis vart skuldra for plagiat med «Chariots of Fire» frå eit stykke av den greske komponisten Stavros Logaridis kalla «City of Violets». Vangelis vann i retten ved å overtyde domaren om at han ikkje hadde høve til å høyre stykket til Logaridis før han komponerte «Chariots of Fire», og demonstrerte at tonane som domaren hadde identifsert som identiske alt var særs vanleg i musikk, og tidlegare hadde vore nytta i stykket «Wake Up» av Vangelis, som kom før «City of Violets».[3][4]
«Chariots of Fire» låg ei veke på toppen av Billboard Hot 100 i mai 1982, etter å ha klatra oppover lista jamt og trutt i fem månader. Han nådde toppen av lista den 21. veka han låg inne på lista. Han er så langt den einaste songen av ein gresk artist som har oppnådd dette. Det var òg den første førsteplassen for Polydor i USA i 1980-åra.[5]
Singelen låg 64 veker inne på den australske singellista, men nådde der berre 21. plass. I Japan var «Chariots of Fire» den mestseljande singelen i 1981.[6] Songen var òg populær i Storbritannia, der han nådde 12. plassen, medan albumet der nådde femteplassen og låg 107 veker på albumlista.
Det vart laga ein musikkvideo av Vangelis der han speler «Chariots of Fire» på akustisk piano, medan filmen går på ein skjerm i bakgrunnen.[13]
Det er innspelt mange andre versjonar av «Chariots of Fire», mellom anna i orkesterstil av John Williams and the Boston Pops, med elektrisk gitar av The Shadows, med akustisk gitar av Bronn Journey, piano med Richard Clayderman, panfløyte med Zamfir og i jazzstil av The Bad Plus. Ween har spelt delar av stykket mot slutten av songen deira «Japanese Cowboy» på konsertar.
Det er gjort vokale innspelingar av «Chariots of Fire» av Melissa Manchester, Jane Olivor, Mireille Mathieu, Demis Roussos, den taiwanske songaren Tracy Huang og den italienske sopranen Gioaria — alle med tekst, «Race to the End», skriven av Jon Anderson.[14][15][16]
Alvin and the Chipmunks nynna instrumentalen etter at dei hadde «gløymt» teksten heime, for albumet The Chipmunks Go Hollywood i 1982.
Sidan temaet vart nytta i ein film som handla om sommar-OL 1924, har «Chariots of Fire» på sett og vis blitt synonymnt med dei olympiske leikane. Han var det offisielle temaet for vinter-OL 1984 i Sarajevo,[17][17] og vart spelt føre starten på 100 meterfinalen for menn under sommar-OL 1996 i Atlanta.
Han vart òg mykje nytta under sommar-OL 2012 i London. Stykket vart spelt under eit testløp på Olympic Stadium[18] og som ein fanfare for løparane som sprang med OL-fakkelen på delar av løypa i Storbritannia. Stykket vart òg nytta under kva medaljeseremoni under leikane.[19][20]
Stykket vart framført av London Symphony Orchestra under opningsseremonien til London-OL 2012, som ein del av ein sketsj med komikaren Rowan Atkinson i rolla som Mr. Bean, der han speler den same noten på ein synthesizer.[21]
Stykket vart spelt då Steve Jobs introduserte den aller første Macintosh-maskinen den 24. januar 1984 under ei teknologimesse.[22]
Stykket har ofte vorte nytta i sakte film-sekvensar og parodiar i fleire filmar, som National Lampoon's Vacation og Mr. Mom (begge 1983 og begge skrivne av John Hughes), Happy Gilmore (1996), Good Burger (1997), How the Grinch Stole Christmas (2000), Bruce Almighty (2003), Old School (2003) og Madagascar (2005, òg inkludert på filmmusikkalbumet).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.