From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordvestterritoria (engelsk Northwest Territories, ofte forkorta NWT; fransk, les Territoires du Nord-Ouest) er eit kanadisk territorium. Det har ei flatevidd på 1 171 918 m², men berre 41 861 (2006). Sidan 1967 har hovudstaden vore Yellowknife.
Northwest Territories | |||
Territoires du Nord-Ouest | |||
territorium | |||
|
|||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Yellowknife | ||
Areal | 1 346 106 km² | ||
Folketal | 41 070 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1870 (Hudson's Bay Company overgav territoria til Canada) | ||
Språk | Dene suline, cree, engelsk, fransk, gwich’in, inuinnaqtun, inuktitut, inuvialuktun, nord-slavey, sør-slavey, tłįchǫ[2] | ||
Tidssone | UTC-7 | ||
Nordvestterritoria 67°N 121°W | |||
Kart som viser Nordvestterritoria.
| |||
Wikimedia Commons: Northwest Territories | |||
Historia til dette kanadiske territoriet blei til i juni 1870 då Hudson's Bay Company overførte Rupert's Land og North-Western Territory til den kanadiske regjeringa. Denne digre regionen omfatta heile det noverande Canada bortsett frå Britisk Columbia, kysten av dei store sjøane, dalen rundt St. Lawrence-elva og den sørlege tredjeparten av Quebec, Maritimes, Newfoundland, Labradorkysten og dei arktiske øyane som no er del av landet. Namnet viser til den nordvestre plasseringa i høve til Rupert's Land.
Etter overføringa blei området gradvis forminska ved at det blei skilt ut mindre provinsar. Manitoba blei til i 1870 som ein liten firkant rundt Winnipeg før det blei utvida til dagens provins i 1881. Då Britisk Columbia blei med i den kanadiske konføderasjonen i 1871 var det allereie blitt lova dei delane av Nortdvestterritoria som låg sør for 60 grader nord og vest for 120 grader vest. I 1882 blei Regina territoriehovudstad, men etter at Alberta og Saskatchewan blei provinsar i 1905 blei Regina i staden provinshovudstad i den nylaga Saskatchewan.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.