Ægirin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ægirin er eit mørkegrønt mineral som finst i langprismatiske krystallar. Det er eit pyroksenmineral med den kjemiske formelen NaFeSi2O6. Det vart først skildra i 1835 etter eit funn i Rundmyr i Øvre Eiker i Buskerud. Mineralet er kalla opp etter Ægir, den norrøne havguden.[2]
Ein brunfarga varietet av mineralet vert kalla akmitt.
Remove ads
I Noreg
Mineralet er ein viktig bestanddel i fleire av dei vulkanske bergartane i Oslofeltet (nordmarkitt, ekeritt, groruditt, nefelinsyenitt) og finst òg i ein del av bergartane i Fensfeltet. Store krystallar er kjend frå nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden.
Galleri
- Ægirin frå Eikeren i Buskerud
- Ægirin frå Malawi
- Ægirin og zirkon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads