52nd Street av Billy Joel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
52nd Street er det sjette studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, utgjeve den 13. oktober 1978. Det vart det første av fire Joel-album som nådde toppen av Billboard-lista og gav han to Grammyprisar (av i alt fire).
Tre songar frå albumet nådde topp 40 i USA, og medverka til at albumet vart ein suksess: «My Life» (#3), «Big Shot» (#14) og «Honesty» (#24).[3] Det fekk god kritikk i musikkpressa og gav Joel Grammyprisen i 1979 for årets album.[4] Denne Grammy-prisen vart gjeven til produsenten, Phil Ramone. Då Ramone døydde fekk Joel prisen attende.
Allmusic hyllar Joel for å ha utvida stilen sin i 1977 på The Stranger, og skildra 52nd Street som «meir sofistikert og noko jazz-aktig.»[5] Jazztrompetisten Freddie Hubbard er til dømes gjest på «Zanzibar». Tittelen på albumet syner til 52nd Street, som var eit av jazzsentera i New York City midt på 1900-talet. Plateselskapet til Joel hadde hovudkvarteret sitt på 52nd Street (i CBS Building) då albumet kom ut. Studioet der 52nd Street vart spelt inn låg på 52nd Street, eit kvartal frå CBS-bygningen.
Den 1. oktober 1982 vart 52nd Street det første albumet som kommersielt vart gjeven ut på CD av Sony Music Entertainment då han vart lagt ut for sal i Japan.[6][7] I 2003 vart albumet rangert på 352. plass og i 2011 på 354. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene..[8]
Songen «Rosalinda's Eyes» var inspirert av mor til Joel, Rosalind Nyman Joel (d. november 2014).[9]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Billy Joel
Medverkande
- Billy Joel – akustisk piano, Yamaha CP70 elektrisk piano, klaverinstrument, synthesizerar, vokal
- Doug Stegmeyer – bass, korvokal
- Liberty DeVitto – trommer
- Richie Cannata – saksofonar, orgel, klarinett
- Steve Khan – elektrisk gitar, akustisk gitar, korvokal
- Freddie Hubbard – flygelhorn og trompet på «Zanzibar»
- Mike Mainieri – vibrafon og marimba på «Zanzibar» og «Rosalinda's Eyes»
- David Spinozza – akustisk gitar på «Honesty»
- Donnie Dacus & Peter Cetera – korvokal på «My Life»
- David Friedman – orkestrering, røyrklokker og perkusjon på «Until the Night»
- Ralph MacDonald – perkusjon på «Rosalinda's Eyes» og «Half a Mile Away»
- Eric Gale – elektrisk gitar på «Half a Mile Away»
- Frank Floyd, Babi Floyd, Zack Sanders, Milt Grayson, & Ray Simpson – korvokal på «Half a Mile Away»
- George Marge – blokkfløyte på «Rosalinda's Eyes»
- Hugh McCracken – nylonstrengsgitar på «Until the Night» og «Rosalinda's Eyes»
- Robert Freedman – horn og strykarorkestrering på «Until the Night» og «Honesty»
- Dave Grusin – hornorkestrering på «Half a Mile Away»
- David Nadien – konstermeister
- Ted Jensen - mastering
Remove ads
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads