The Stranger av Billy Joel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Stranger er det femte studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut den 29. september 1977. Dei fire førre albuma hans hadde ein viss suksess, men The Stranger vart det store gjennombrotet til Joel. Det låg seks veker på andreplassen på den amerikanske albumlista. Det vert rekna som hans magnum opus og er det bestseljande albumet hans, om ein ser bort frå samleplater, og vart rangert på 70. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]
Remove ads
Produksjon
The Stranger består av ni songar. Songane «Movin' Out (Anthony's Song)», «She's Always a Woman», «Just the Way You Are», «Everybody Has a Dream», og «Only the Good Die Young» var ferdig før innspelinga starta, medan «Vienna», «Scenes from an Italian Restaurant», «The Stranger» og «Get It Right the First Time», som kom fram frå kortare melodiar, vart skrivne ferdig i studio. Tekstane på albumet er forteljande og kvar av songane fortel ei soge. Den over sju minuttar lange «Scenes From an Italian Restaurant» byrja som ein kortare song kalla «The Ballad of Brenda and Eddie», som vart den tredje delen av «Italian Restaurant.» Då han skreiv «The Stranger», plystra Joel melodien på songen for produsenten Phil Ramone, og hevda at han måtte finne eit instrument som kunne spele melodien. Ramone svarte: «Nei, det treng du ikkje. Det er 'The Stranger' (den framande), plystringa».[treng kjelde]
Fire av singlane frå plata gjekk inn på Billboard Hot 100 i følgjande rekkefølgje: «Just the Way You Are» (#3), «Movin' Out» (#17), «Only the Good Die Young» (#24) og «She's Always a Woman» (#17). Mange av songane vart standardar på FM-radiostjonar som speler classic rock og adult contemporary.
Remove ads
Mottaking
Mykje av suksessen til albumet er tilskriven samarbeidet mellom Joel og produsenten Phil Ramone, som brukte nyskapande produksjonsmetodar. Dei skulle samarbeide i lag det neste tiåret. Singlane frå albumet var mellom andre «Just the Way You Are» (som vann Grammy for både årets plate og årets song) og den akustiske balladen «She's Always A Woman», den svakt kontroversielle «Only the Good Die Young» og «Movin' Out (Anthony's Song)», som seinare lånte tittelen sin til musikalen Movin' Out, basert på songane til Billy Joel. Albumet overtok plassen til Simon and Garfunkel sitt Bridge Over Troubled Water som det bestseljande albumet til Columbia Records på den tida.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Billy Joel
30-årsjubileum
I juli 2008 vart ei spesial 30-årsjubileumsutgåve av The Stranger gjeven ut. Det bestod av to spesialutgåver: ein dobbel Legacy Edition, og ein Deluxe Limited Edition (med dei to CDane og ein bonus-DVD). Den avgrensa deluxe-utgåva inneheld ein CD av det originale albumet (remastra av produsenten Phil Ramone), og ein CD med ein konsert som ikkje før var gjeven ut, Live At Carnegie Hall 1977, spelt inn den 3. juni 1977, ein månad før innspelinga av The Stranger starta. DVDen inneheld to konsertopptak frå The Stranger og Joel si framføring på Old Grey Whistle Test på BBC, ein 60 minuttar lang konsert frå 1978.
Alle spor skrivne av Billy Joel
- Bonus DVD
- Live Promotional Videos, 1977
- «The Stranger»
- «Just the Way You Are»
- The Old Grey Whistle Test on BBC 1 (First transmitted 14 March 1978)
- «Intro»
- «Miami 2017 (Seen The Lights Go Out On Broadway)»
- «Movin' Out (Anthony's Song)»
- «New York State of Mind»
- «The Entertainer»
- «She's Always a Woman»
- «Root Beer Rag»
- «Just the Way You Are»
- «Only the Good Die Young»
- «Souvenir»
- «Ain't No Crime»
- 30 Minute Making of The Stranger Documentary
- Best Buy exclusive bonus CD (Live at Nassau Coliseum 12/77)
- «Just the Way You Are»
- «Vienna»
- «The Ballad of Billy the Kid»
- «Get It Right the First Time»
- «Summer, Highland Falls»
Remove ads
Medverkande
- Billy Joel – akustisk piano, vokal, klaverinstrument, synthesizerar
- Doug Stegmeyer – bassgitar
- Liberty DeVitto – trommer
- Richie Cannata – tenor- og sopransaksofon, klarinett, fløyte, orgel, tuba
- Steve Khan – 6- og 12-strengs elektrisk gitar, akustisk rytmegitar
- Hiram Bullock – elektrisk gitar
- Patrick Williams – orchestration
- Ralph MacDonald – perkusjon på «The Stranger», «Just the Way You Are», «Get It Right The First Time» og «Everybody Has A Dream»
- Hugh McCracken – Akustisk gitar på «Just the Way You Are», «Scenes from an Italian Restaurant», «She's Always A Woman», «Get It Right The First Time» og «Everybody Has A Dream»
- Steve Burgh – akustisk gitar på «Just the Way You Are» og «She's Always A Woman"; elektrisk gitar på «Scenes from an Italian Restaurant»
- Phil Woods – altsaksofon på «Just the Way You Are»
- Dominic Cortese – trekkspel på «Scenes from an Italian Restaurant» og «Vienna»
- Richard Tee – organ på «Everybody Has A Dream»
- Phoebe Snow – korvokal på «Everybody Has A Dream»
- Lani Groves – korvokal på «Everybody Has A Dream»
- Gwen Guthrie – korvokal på «Everybody Has A Dream»
- Patti Austin – korvokal på «Everybody Has A Dream»
- Ted Jensen - mastering
Live at Carnegie Hall 3. juni 1977
- Billy Joel - vokal, piano og synthesizerar
- Richie Cannata - saksofonar og klaverinstrument
- Doug Stegmeyer - Fender bass
- Howie Emerson - elektriske og akustiske gitarar
- Liberty DeVitto - trommer
Remove ads
Lister
- 2008-utgåva
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads