Doug Stegmeyer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Douglas Alan «Doug» Stegmeyer (23. desember 1951–25. august 1995) var ein amerikansk musikar som er mest kjend som bassist og korvokalist for Billy Joel.
Remove ads
Karriere
Doug Stegmeyer møtte Russell Javors på skulen og 15 år gammal spelde dei songar med barndomsvenen Liberty DeVitto. Dei slo seg saman med Howard Emerson og danna bandet Topper.
I lag spelte dei songar som Javors skreiv. Billy Joel la merke til Topper og då Joel trengde ein bassist for Streetlife Serenade-turneen, vart Stegmeyer henta inn i bandet til Joel. Stegmeyer tilrådde Joel til å hente inn Emerson,[1] Javors og DeVitto for albumet Turnstiles og den påfølgjande turneen. Stegmeyer vart ein del av kjernen i bandet til Billy Joel, og spelte bass på alle studioalbuma frå Turnstiles til The Bridge og konsertalbuma Songs in the Attic og КОНЦЕРТ. I denne perioden vart Stegmeyer kalla «Sersjanten i The Billy Joel Band."[2]
Stegmeyer spelte òg bass for Debbie Gibson og Hall & Oates.
Stegmeyer døydde 25. august 1995 i heimen sin på Long Island då han skaut seg sjølv.[3][4]
Remove ads
Diskografi
Alle albuma er med Billy Joel.
- 1976 Turnstiles
- 1977 The Stranger
- 1978 52nd Street
- 1980 Glass Houses
- 1981 Songs in the Attic
- 1982 The Nylon Curtain
- 1983 An Innocent Man
- 1985 Greatest Hits Volume I & II
- 1986 The Bridge
- 1987 КОНЦЕРТ
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads