For LP Fans Only

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

For LP Fans Only er det sjuande albumet til Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor i februar 1959. Det er eit utval av songar frå ei innspeling i august 1956 ved 20th Century Fox Stage One, ei innspeling i september 1956 i Radio Recorders i Hollywood, innspelingar 10. og 11. januar i RCA Victor Studios i Nashville, to til i RCA Victor Studios i New York, og fleire innspelingar i Sun Studio. Albumet nådde 19. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista.[5] Det er i dag ikkje lenger på trykk, men finst som digital nedlasting eller strøyming.

Meir informasjon Elvis Presley-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Då Elvis Presley måtte inn i den amerikanske hæren den 24. mars 1958, ønskte RCA Victor og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å halde namnet hans aktivt hos publikum dei to neste åra då han ikkje kunne halde konsertar eller spele i filmar, og gav ut innspelingar frå kvelvet. Det vart arrangert ei innspeling over to dagar i juni, som gav nok songar til fem singelsider. Singelformatet var det kommersielle fokuset for rock and roll i 1950-åra. Fire av desse songane vart gjevne ut på album i 1958 og 1959 medan Presley var i militærteneste.

Presley gjorde det òg godt på albummarknaden. Ingen av dei tidlegare seks albuma hans hadde nådd lågare enn tredjeplassen, og RCA ønskte å halde fram å gje ut album. Mange av songane til Presley var blitt gjevne ut på singlar, ikkje på album. Til dette albumet valde RCA Victor ut ni songar som tidlegare berre hadde vore tilgjengeleg på singlar, i tillegg til «Poor Boy» frå Love Me Tender-EP-en. Fire av songane var blitt gjevne ut på Sun Records som avgrensa utgåve, og var vanskeleg å få tak i utafor sørstatane. Alle dei fem Sun-singlane vart gjevne ut på RCA i november 1955 og var i trykk fram til 1970-åra.

Denne utgjevinga var den første gongen den første kommersielle innspelinga til Elvis, «That's All Right (Mama)», kom ut i Storbritannia. Han vart aldri gjeven ut på singel der medan Presley levde. RCA gav ut For LP Fans OnlyCD i 1989. Albumet finst òg i ein plateboks på 25 plater kalla The Perfect Blues Collection, gjeven ut på Sony i 2011.

Remove ads

Medverkande

Innhald

Originalutgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads