A Letter Home
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
A Letter Home er det 37. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Det kom ut 19. april 2014 på Record Store Day av Third Man Records. Heile albumet, som består av coverversjonar av klassiske songar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan, Willie Nelson, Gordon Lightfoot og andre, vart spelt inn i ein renovert Voice-o-Graph, vinylinnspelingsboks frå 1949 ved Jack White sin Third Man-verkstad i Nashville i Tennessee. Opninga er eit talt spor og andre talte spor finst over heile albumet, til Edna «Rassy» Young, mora til Neil som døydde i 1990.[1][2] Ei melding på nettsida til Young skildra albumet som «ei uhøyrt samling av gjennoppdaga songar frå fortida, spelt inn med eldgamal elektromekanisk teknologi, som fangar og slepp laus essensen av noko som har forsvunne for lenge sidan».[3][4]
Remove ads
Mottaking
The A.V. Club rekna A Letter Home som eit av dei beste albuma som hadde kome ut til då i 2014, og kalla det «eit svært overraskande album av ein fyr som har bygd karrieren sin på å overraske deg».[9]
Innhald
Bonusspor frå singlar som følgde med plateboksen:
Remove ads
Salslister
Medverkande
- Neil Young – vokal, gitar, munnspel, piano
- Jack White – vokal og piano på «On the Road Again» og «I Wonder If I Care as Much»
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads