Storytone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Storytone er det 38. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 4. november 2014 den Reprise Records.[12] Albumet kom ut i to format: ei enkel plate med orkester- og storbandversjonar av songane, og ei luksusutgåve som inneheld nedstrippa versjonar av songane. Young gav sidan ut ei tredje utgåve av albumet, Mixed Pages of Storytone, som blanda dei to første utgåvene, seinare på året.
Storytone er det andre studioalbumet Neil Young gav ut 2014, etter lo-fi-albumet A Letter Home.[13]
Remove ads
Bakgrunn
I mars 2014 uttrykte Neil Young ønske om å spele inn eit album med eit orkester og sa «Eg har lyst å lage ei plate med fullt orkester, live - ei monoinnspeling med ein mikrofon. Eg ønskjer å gjere noko slik der me verkeleg speler inn det som skjer, frå eitt synspunkt og musikarane flytta nærmare og lengre bort, slik det vart gjort før. For meg er det ei utfordring og det er ein lyd som er utruleg, og du kan ikkje få det til på anna måte.»[14]
Under sommarturneen til Neil Young og Crazy Horse spelte bandet ein ny song, kalla «Who's Gonna Stand Up?», som så kom med på albumet, utan Crazy Horse.
Remove ads
Innspeling
Young skreiv på den offisielle nettsida si om innspelinga av dei to versjonane av Storytone: «Først spelte eg inn songane i Capitol Records med dei gamle venene Niko Bolas og Al Schmitt. Eg song dei aleine med berre dei instrumenta eg ønskte å bruke. Det var ikkje noko overdubbing eller utsmykking. Resultatet er musikk frå hjarta mitt, direkte til deg. Så drog eg til lydscenen til MGM der musikken til The Wizard of Oz vart spelt inn. Med dei flinkaste musikarane i Hollywood og arrangement og orkestrering av Christ Walden og Michael Bearden, song eg sju av songane på Storytone live for andre gongen. Eg song inn i mikrofonen til Barbara Streisand, ein gammal mikrofon som er teken godt vare på med ein flott tone som eg elskar. Eg drog så til Sunset Boulevard for å spele inn dei andre tre songane med eit storband i eit gammalt Hollywood-studio som no vert kalla East West. Alle framføringane er live, utan effektar eller ekstra opptak. Eg berre stod der og song inn i mikrofonen og spelte stundom munnspel mellom versa, medan musikarane spelte.»[15]
Remove ads
Skriving og komposisjon
Mange av songane på albumet var inspirerte av den gryande romansen til Young med skodespelarinna Daryl Hannah, og skilsmissa med Pegi Young, som han var gift med i 36 år. Om songane sa Young: «Desse songane vart skrivne i ein periode som verkeleg endra livet mitt. Alt eg ønskjer å dele er der.»[16]
Mottaking
Albumet debuterte på 33. plassen på Billboard 200,[17] andreplassen på Folk Albums,[18] og fjerdeplassen på Top Rock Albums,[19] og selde 10 768 eksemplar den første veka.[20]
Innhald
Remove ads
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads