A Question of Balance
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
A Question of Balance er det sjette albumet til The Moody Blues og kom ut i 1970. Albumet var eit forsøk på enklare instrumentering etter den fyldige, psykedeliske stilen bandet var kjend for på tidlegare album. Dette gjorde dei fordi det hadde vorte vanskeleg å spele songane deira på live på konsert. For å kunne spele fleire nye songar på konsertane sine, valde bandet å lage eit album utan så mykje orkester for A Question of Balance.
For første gongen nytta The Moody Blues eit politisk tema som grunnlag for ein song med songen «Question», som omhandla den pågåande Vietnamkrigen.
Albumet kom ut i 1970 og gjekk heilt til topps i Storbritannia og nådde tredjeplassen i USA. Bandet gjekk attende til det meir frodige lydbiletet på dei neste to albuma sine, Every Good Boy Deserves Favour og Seventh Sojourn.
I mars 2006 kom albumet på SACD med seks ekstra spor. I 2008 kom albumet ut att på normalt lydformat med dei same bonusspor.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Salslister
Album
Singlar
Medverkande
- Justin Hayward: vokal, gitar, mandolin
- John Lodge: vokal, bass
- Ray Thomas: vokal, fløyte, tamburin
- Graeme Edge: trommer, perkusjon, kviskrande vokal på «Don't You Feel Small»
- Mike Pinder: vokal, Mellotron, Moog synthesizer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads