Seventh Sojourn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Seventh Sojourn er det åttande albumet til The Moody Blues, utgjeve i 1972.

Meir informasjon The Moody Blues-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads
Remove ads

Musikk og tekst

Opningssporet, Mike Pinder sin «Lost in a Lost World» sørgjer over brutaliteten i ein revolusjon og refererer til rasehat. Fleire av songane har tydelege politiske referansar. Som «Question» frå to år tidlegare, omhandlar «You and Me» pågåande krigar, som Vietnamkrigen. Bassisten John Lodge skilda «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» som eit svar til fans som feilaktig leste guru-aktig visdom i tekstane til deira. På dette albumet nytta The Moody Blues, i tillegg til ein Mellotron, eit tangentinstrument kalla Chamberlin, som liknar på Mellotron. Dette instrumentet kunne simulere orkesterlydar meir realistisk og lettare enn mellotronen.

Remove ads

Utgjeving

Seventh Sojourn nådde femteplassen på albumlista i Storbritannia og vart det første albumet deira som nådde toppen av lista i USA, der det låg i fem veker.

Det kom to hitsinglar frå albumet, «Isn't Life Strange» (13. plassen i Storbritannia, 29. plassen i USA) og «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» (36. plassen i Storbritannia, 12. plassen i USA). Begge desse songane vart overskugga av ei nyutgjeving av «Nights in White Satin», som vart spelt inn i 1967. Denne singelen nådde niandeplassen i Storbritannia og andreplassen i USA, den høgaste listeplasseringa dei oppnådde med ein singel i USA.

Då det var vanskar med å spele inn dette albumet, valde gruppa å ta ein pause etter ein turne i Asia i 1974. Det vart den siste turneen til Mike Pinder med gruppa. Dei kom saman att i 1977 for å spele inn Octave, men den påfølgjande turneen var altså utan Pinder.

I april 2007 vart albumet gjeve ut på SACD med fire bonusspor. Songen «Island», blant desse bonusspora, vart spelt inn i 1973 og var ein av songane meint for ein oppfølgjar til Seventh Sojourn. I 2008 vart ei ny utgåve med dei same bonusspora gjeve ut på ein standard lyd-CD.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Teknisk

  • Produsent - Tony Clarke
  • Lydteknikarar - Derek Varnals and Tony Clarke («Isn't Life Strange»)
  • Assistant lydteknikar - David Baker
  • Plateomslag - Phil Travers
  • Innsida av plateomslaget - The Moodies

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads