Question

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Question» er ein song frå 1970 av det engelske progrockbandet The Moody Blues. Han vart skriven av gitarist Justin Hayward, som syng solovokal på songen. «Question» vart gjeven ut på singel i april 1970, og seinare på albumet A Question of Balance.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Opphavleg heitte songen òg «A Question of Balance», men tittelen vart forkorta til «Question». Songen var politisk ladd og omhandla Vietnamkrigen.

På denne tida var «Question» ei enkel innspeling for Moody Blues. Det førre albumet deira, To Our Children's Children's Children, hadde songar med så mange forskjellige lydar og dobbeltspor at det ikkje var mogeleg å framføre songane på konsertar. På grunn av dette vart «Question» spelt inn i eitt enkelt opptak, utan å legge på ekstraspor i etterkant, slik at songen kunne framførast live.

Singelen hadde «Candle of Life» som B-side, som var frå det førre albumet til Moody Blues, To Our Children's Children's Children.

«Question» er ein av dei mest populære songane til Moody Blues, og har vore med på nesten alle samle- og live-albuma deira. I tillegg er songen vorten gjeninnspelt (saman med «Isn't Life Strange») i studio med London Symphony Orchestra, som allereie hadde laga ein orkesterversjon av han 1978) til Greatest Hits av The Moody Blues frå 1988.

Marillion-songaren Fish laga ein coverversjon av songen, vald ut som ein av dei personlege favorittane hans, til albumet Songs from the Mirror frå 1993.[1]

Remove ads

Medverkande

Lister

Meir informasjon År, Liste ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads