A Touch of Evil

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«A Touch of Evil» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå albumet Painkiller frå 1990. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i 1991.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Oversyn

Han er den einaste songoen som er skriven i lag med produsenten Chris Tsangarides, som skreiv gitarriffet til songen, medan resten av songen vart skriven av dei vanlege låtskrivarane Rob Halford, K.K. Downing og Glenn Tipton. Tsangarides skreiv fleire songar i lag med Tipton elleve år seinare for Judas Priest-albumet Demolition, som kom i 2001.

Det er den einaste songen på albumet der bandet brukar synthesizer (som opphavleg vart brukt på fleire songar, men fjerna). Desse synthesizerane vart spelt av Don Airey. På konsertane vart synth-partia erstatta av gitarriff.

Teksten handlar om demonbesettelse, svart magi og freistinga til å gjere vonde handlingar. I følgje Halford sjølv har teksten eit metaforisk kjærleikstema.[2]

Songen har ein klassisk-inspirert gitarsolo av Glenn Tipton.

Remove ads

Medverkande

med:

Musikkvideo

Ein musikkvideo vart laga for songen og syner kvart element av teksten i songen. Ein ung gut har visjonar av forskjellige ting, med glimt av bandet som spelar songen innimellom. Songen vart redigert for musikkvideoen, frå 5:42 på albumet til 4:54.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads