Painkiller av Judas Priest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Painkiller er det tolvte studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Det kom ut i september 1990 og var det siste Judas Priest-albumet med songaren Rob Halford før han kom attende i 2005 for albumet Angel of Retribution. Det er òg det første med trommeslagaren Scott Travis.

Meir informasjon Judas Priest-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innspeling

Painkiller er det første Judas Priest-albumet med trommeslagaren Scott Travis, som erstatta Dave Holland i 1989. Travis var tidlegare medlem i bandet Racer X. Albumet vart spelt inn i Miraval Studios i Brignoles i Frankrike tidleg i 1990 og miksa i Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland seinare på året.

Tekstar

Mange av tekstane på albumet har eit fantasi-tema, som tittelsporet som skildrar ein superhelt-aktig person som reddar menneskeheita frå øydelegging. «A Touch of Evil» brukar tema som besetjing og magi som metaforar for romantikk. Rob Halford hevda i eit intervju at songen «Hell Patrol» handlar om US Air Force-pilotar under Golfkrigen som byrja nokre månader før albumet kom ut.

Utgjeving

Trass i at albumet var ferdig i mars 1990 vart det forseinka på grunn av rettssaka mot bandet som byrja 16. juli 1990. Bandet måtte i retten for skuldingar om å ha plassert løynde meldingar i ein song som skal ha gjort at to unge menn i Reno i Nevada prøvde å ta livet sitt 23. desember 1985. Saka vart til slutt avvist den 24. august 1990. Bandet gav omsider ut albumet 3. september 1990.

Albumet selde til gullplate i Nord-Amerika i januar 1991. Ein nymastra versjon vart gjeve ut på CD i mai 2001, med eit konsertopptak av «Leather Rebel» og ein tidlegare ikkje utgjeven song, «Living Bad Dreams». Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste metalsong, men tapte for Metallica sin versjon av Queen-songen «Stone Cold Crazy».

Mottaking

Painkiller har stort sett fått god kritikk, særleg frå metal-miljøet. På metal-archives.com har albumet ein gjennomsnittleg karakter på 93% basert på 23 meldingar.[5]

Halford gir seg

Etter turneen for dette albumet, slutta songaren Rob Halford i bandet i mai 1992 og hadde lite kontakt med dei tidlegare bandkollegaene gjennom 1990-åra. Årsaka skal ha vore aukande spaningar i bandet og at Halford ønskte å utforske nye musikalske retningar med sitt eige band, Fight. Dette tvang han til å forlate Judas Priest for at den nye musikken hans kunne seljast. Judas Priest var inaktive i fleire år etter Halford slutta, men kom etter kvart attende med den nye songaren Tim «Ripper» Owens i 1996, som song på studioalbuma Jugulator og Demolition.

Remove ads

Innhald

CD

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt.

Meir informasjon Nr., Tittel ...

LP-utgåve frå 2010

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Judas Priest
Andre musikarar
  • Don Airey - klaverinstrument på «A Touch of Evil» (ikkje oppført)
Produksjon
  • Produsert av Judas Priest og Chris Tsangarides
  • Lydteknikar: Attie Bauw og Patrice Rouillon
  • Utstyrsansvarleg Tom Calcaterra
  • Innspelt og miksa av Tipton, Halford, Downing og Tsangarides
  • Remastra av Jon Astley (2001)
  • Illustrasjonar av Mark Wilkinson, basert på eit originalt konsept av Judas Priest
  • Original grafikk av Peacock Marketing & Design
Remove ads

Lister

Meir informasjon Lister (1990), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads