Aage Niels Bohr
dansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aage Niels Bohr (fødd 19. juni 1922 i København, død 8. september 2009 i København) var ein dansk fysikar og nobelprisvinnar. Han er son av den store fysikaren Niels Bohr som sjølv vart tildelt Nobelprisen i 1922.
Han etterfølgde far sin i 1956 som professor i fysikk i København. Bohr var ein dugande teoretisk fysikar og matematikar, og kjend for bidraga sine til forståinga av strukturen i atomkjernene og særskild for den skildringa han saman med amerikanaren Ben Mottelson og Leo James Rainwater gav av atomkjernane og som dei saman fekk nobelprisen i fysikk for i 1975. Bohr hadde ein vesentleg del av æra for at København òg etter at Niels Bohr døydde helt fram som eit verdssentrum for kjernefysisk forsking.
Bohr vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1969, ved Universitetet i Trondheim i 1972. Same året fekk han den amerikanske Atoms for Peace-prisen.
Remove ads
Kjelder
- Aage Niels Bohr. (2012-02-16) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Aage_Niels_Bohr
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads