Ain't That a Shame

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Ain't That a Shame» er ein song skriven av Fats Domino og Dave Bartholomew. Domino si innspeling av songen vart gjeven ut av Imperial Records i 1955,[1] og vart ein hit som etter kvart selde over ein million eksemplar. Han nådde toppen av Billboard R&B-lista og tiandeplassen på pop-lista.[2] Songen vart rangert på 438. plassen[3] på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart nasjonalt kjend då han vart spelt inn p ny av den kvite artisten Pat Boone.[4] Domino sin versjon vart etter kort tid òg populær, og førte musikken hans ut til dei store massane, kring seks år etter den første innspelinga hans, «The Fat Man».[5]

Etter «Ain't That a Shame» byrja kjende artistar å spele inn Domino sine songar. Teresa Brewer spelte til dømes utgåva til Domino av folkevisa «Bo Weevil».

Ein versjon av songen av Four Seasons klartra til 22. plassen på Billboard-lista i 1963.[6]

I følgje segna skal Pat Boone ha føreslått å endre tittelen og teksten til «Isn't That a Shame» for å gjere han meir tiltalande for eit vidare publikum, men dette vart avvist av produsentane.[7] Likevel vart innspelinga til Boone frå 1955 den første songen hans som gjekk til topps på Billboard-lista. Domino sa han likte Boone-versjonen av songen.[4] Boone likte å fortelje ei soge om ein konsert der Domino inviterte Boone på scenen og synte fram ein stor gullring og sa «Pat Boone kjøpte meg denne ringen.»[8]

«Ain't That a Shame» var den første songen John Lennon lærte å spele. Han spele seinare inn songen på albumet Rock 'n' Roll.[9]

Remove ads

I film

Domino framførte songen i filmen Shake, Rattle & Rock!. Songen er blitt nytta i filmane American Graffiti, October Sky, L.A. Story, School Ties og Mischief.

Cheap Trick-versjonen

Cheap Trick sin versjon nådde 35. plassen på singellista i USA etter han kom ut på konsertalbumet deira Cheap Trick at Budokan. Cheap Trick framførte songen som siste nummer då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Med seg på scenen hadde dei Robert Lamm, James Pankow, Lee Loughnane og Walter Parazaider frå Chicago, David Coverdale og Glenn Hughes frå Deep Purple, Steve Miller, Sheryl Crow, Grace Potter, Steven Van Zandt, Rob Thomas og Paul Shaffer.

Salslister (Cheap Trick-versjonen)

Meir informasjon Lister (1979), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • Pat Boone i 1955. Singelen gjekk til topps på Billboard Most Played in Jukeboxes-lista.
  • The Four Seasons i 1963 på Ain't That A Shame and 11 Others
  • John Lennon i 1975 på Rock 'n' Roll.
  • Tanya Tucker i 1976 på Lovin' and Learnin'.
  • Brownsville Station i 1977 på albumet Brownsville Station.
  • Mud i 1982.
  • Paul McCartney i 1988 på Снова в СССР, så i 1990 på Tripping the Live Fantastic.
  • Pat Torpey spelte Cheap Trick-versjonen i 1999 på Y2K.
  • Hank Williams jr. i 2007 frå albumet American Legends: Best Of The Early Years

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads